Gå til sidens hovedinnhold

Fem innslag gjekk vidare i UKM Kvinnherad

Artikkelen er over 2 år gammel

No er det klart kven som skal representera Kvinnherad når UKM Hordaland vert arrangert på Husnes i april.

Med 18 imponerande flotte innslag på scena i Kulturhuset Husnes laurdag ettermiddag, må fagpanelet ha hatt ein tøff jobb med å plukka ut dei bidraga som skal gå vidare til UKM Hordaland i april. Men no er jobben gjort, og det er klart at dei som skal representera Kvinnherad under fylkesmønstringa, er Maia Fredheim, Olesya Pasichnyk, Vegan Monkey Soup, Cold Chase og Mhodzi Marimba.

Kommentarer til denne saken