Gå til sidens hovedinnhold

UKM over tre dagar

Artikkelen er over 5 år gammel

Helga 25. til 27. februar blir det endeleg UKM på Husnes igjen, og 17 innslag er påmeldt til mønstringa.

Det har vore god påmelding til årets UKM, som no står for «Ung Kultur Møtest». Linda Øen kan fortelja at det blir tre ulike framsyningar laurdag 27. februar; i biblioteket, i «blackboxen» på Kulturskulesenteret, og ei på scena i lokala til ungdomssenteret. I biblioteket blir det tre musikkinnslag, og fire unge kunstnarar skal stilla ut bilde på ei utstilling. I blackboxen blir det tre ulike danseinnslag, og fire musikkinnslag. På ungdomssenteret blir det heile sju ulike innslag. I tillegg har ein ungdom meldt seg på som arrangør og skal styra lyd og lys under framsyningane, medan ein annan har meldt seg som konferansier.

Gratis «workshops»

Men UKM startar alt torsdagen, med ulike «workshops». Denne etter-middagen kan skriveglade ungdommar få kurs med journalist og forfattar Anders Totland i biblioteket.

– På skulen lærer ungdommane korleis dei skal strukturera ei historie, og kva som må vera med. Eg vil gjera det motsette, og drøfta og visa korleis det går an å gå sin eigen veg for å finna si unike forteljarstemme, seier Totland om skrivekurset.

Fredag ettermiddag blir det danseverkstad med Frank og Laurent frå «Mixmaster Cru» i dansesalen på Kulturskulesenteret. Dei to har dansespesialitetar innanfor elektrodance, hiphop og breakdance.

Det blir også teater-workshop med Maria Larssen over to dagar torsdag og fredag ettermiddag, i blackboxen på Kulturskulesenteret.

– Har du lyst til å opptre på ei scene, og læra meir om ulike teknikkar som skodespelarar nyttar på film og i teater? På kurset får deltakarane ei innføring i improvisasjon, bruk av stemme, enkle sceniske element som framføring av tekst, bruk av rekvisitt/figur, samarbeid og arbeid med rolle, står det i beskrivinga av denne verkstaden.

Bjørn Røssland skal ha lyd- og lys-workshop torsdag og fredag ettermiddag, og dei som melder seg på her får prøva seg under sjølve mønstringa.

Dei ulike verkstadane er gratis å vera med på, takka vere at Kvinnherad UKM har fått «stimuleringsmidlar» til å gjennomføra dei. Det er framleis ledige plasser, og du kan melda deg på dei på biblioteket fram til 23. februar.

Spente på nytt konsept

Under mønstringa vil det bli kafé i ungdomssenteret sine lokale, med høve til å kjøpa seg noko å eta i pausane.

– Vi gler oss veldig og trur dette blir veldig kjekt! UKM har alltid vore i ein stor sal, og vi er spente på korleis det endra konseptet med fram-syningar fleire stader blir motteke. Nokre synest kanskje det er tryggare å opptre på mindre scener, andre blir kanskje skuffa. Vi oppmodar publikum som vil sjå på om å vera tidleg ute, for det er begrensa med plass i dei ulike lokala. Det blir selt éin billett samla til alle arrangementa, og folk kan derfor velja om dei vil sjå alle framsyningane eller berre ei, fortel Linda Øen i leiargruppa i Kultur og fritid i Kvinnherad kommune, som er arrangør for UKM.

Kommentarer til denne saken