Desse kom vidare til landsfestivalen i UKM

Marimbaorkesteret er klart for UKM i Trondheim i juni.

Marimbaorkesteret er klart for UKM i Trondheim i juni. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Uttaket til UKM Landsfestivalen er klart. Kvinnherad blir representert med Mhodzi Marimba og Olesya Pasichnyk.

Desse skal konkurrera med ungdomar frå heile landet i Trondheim 25. – 29. juni. Orkesteret med marimba-musikk og Olesya med to bilde.

Stor glede

Marimba-instruktøren og læraren til kulturskule-orkesteret Mhodzi Marimba er overlykkeleg over uttaket til den høgthengjande landsfinalen.

– Elevane mine har lagt 200 prosent av sjela si i UKM. Derfor er vi veldig begeistra for at juryen valde ut oss, og vi gler oss verkeleg til å representera vakre Kvinnherad i Trondheim, kommenterer ein lett elektrisk Mauricio Weimar.

Orkesteret byr på fargerike og glade marimba-rytmar frå Sør-Afrika. Weimar fortel vidare at det er hardtarbeidande musikantar vi snakkar om her. I fjor heldt dei om lag 20 konsertar ulike stader i fylket.  

Ovverraska

Bildekunstnar Olesya Pasichnyk (18) er like blid som Weimar.

– No vart eg glad. Eg hadde aldri trudd at valet skulle falla på meg. Dette er berre heilt overraskande og kjempekjekt. Eg gler meg veldig til å visa bilda mine i Trondheim, seier ei strålande Olesya Pasichnyk.

Ho deltar med to bilde. Det eine er laga med akryl på lerret og har tittelen «The circle of life». Bildet er på sett og vis todelt av fargane blått og oransje, men med eit tre som breier seg over begge flatene. Frodig og friskt under sola på eine sida, og meir stusseleg og livlaust under månen på andre sida. Motivet skal illustrera livets gang.

Bilde nummer to heiter «Flower Fantasy» og er laga på frihand med penn.

– Eg har teikna og malt med ulike teknikkar heilt frå eg var ei lita jente. Uttaket til UKM er ein inspirasjon til å halda fram, seier den glade kunstnaren.

Kvinnherad hadde fem deltakarar på fylkesfestivalen, som var på Husnes i helga. Forutan desse to som går vidare, deltok Maia Fredheim med piano/song og rockegruppene «Vegan Monkey Soup» og «Cold Chase».

Artikkeltags