UKM-pris til Kvinnherad kommune

Over 80 ungdommar deltok på UKM-mønstringa i Kvinnherad i februar, enten det var å framføra, jobba i kulissane, underhalda publikum, pynta lokalet, stilla ut kunst eller stå i kiosken. (Arkivfoto).

Over 80 ungdommar deltok på UKM-mønstringa i Kvinnherad i februar, enten det var å framføra, jobba i kulissane, underhalda publikum, pynta lokalet, stilla ut kunst eller stå i kiosken. (Arkivfoto).

DEL

Fylkesfinalen i UKM (Ung Kultur Møtest) blir arrangert på Os denne helga, og der skal ungdommane som gjekk vidare frå Kvinnherad delta: Aila Kordo, Kari Leganger (konferansierar), Amalie Hillestad Eide (kunst), Jan Halvor Postigo Moss (pianist), Mari Bjelland (song/gitar), rockebandet «Cold Chase», Stine Haga (dans), «Solid» (dansegruppe), «Gledesspreiarane» (arrangørar av UKM Kvinnherad).

Ekstra stas i år er det at Kvinnherad kommune som arrangør har fått «Turboprisen». Prisen blir delt ut til den kommunen som har gjort ein ekstra innsats i forhold til rekruttering og samarbeid frå 2018 til 2019. Prisen på 5.000 kroner er øyremerkt UKM-arbeid, og kan om nødvendig overførast til neste budsjettår. Prisen blir delt ut på vegner av UKM Norge på scena under fylkesfestivalen.

– Dette er me sjølvsagt veldig stolte av, og det gir oss stor motivasjon til vidare arbeid med rekruttering til UKM. Det er ei utfordring i den langstrakte kommunen vår å nå ut til ungdomen og få kontakt med dei der dei er. Det er kjekt at UKM Norge ser den utfordringa og lønar oss for å ha gjort ekstra innsats på det området, seier UKM-koordinator i kommunen, Karianne Solheim.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags