– Vi tok initiativ til dette fordi vi ønskte å gjera noko fint for andre og visa fram litt av musikktradisjonen vår frå Ukraina. Og ikkje minst fordi det er viktigare enn nokon gong å markera Ukraina sin uavhengigheitsdag, medan Ukraina kjemper for nettopp sin uavhengigheit i ein blodig krig.

Det seier Khatuna Ivaniyta-Hurdzhidze. Ho er gift med Volodymyr Kaverin, som er ein kjent artist i heimlandet Ukraina. Onsdag kveld inviterer dei andre ukrainske flyktningar og alle andre som vil komma, til ein velgjerdskonsert i kulturhuset.

– I lag med manageren til Volodymyr har vi sett på høvet for å halda ein større konsert ein stad i Norge, med mange ukrainske kulturutøvarar. Så langt har det ikkje vore mogleg på grunn av den vanskelege og usikre situasjonen. Men vi ønskte å gjera noko i og med at vi ville markera uavhengigheitsdagen. Då blei det ein liten konsert her lokalt i staden for, der Volodomyr framfører eit utval av songane sine, seier ho.

Bomberegn

Volodymyr skriv songar sjølv, og er i tillegg poet. Sjangeren han helst held seg til, er ukrainsk folk rock.

– Han har også delteke i The Voice i Ukraina, samt i fleire internasjonale musikk-konkurransar, fortel Khatuna.

Her kan du få ein liten smakebit av Volodymyr Kaverin sitt repertoar.

Volodymyr og Khatuna kom til Kvinnherad for ein månad sidan, i lag med dei to sønene sine. Då hadde dei lagt bak seg eit liv under okkupasjon i heimbyen Hostomel.

– Det var heilt forferdeleg. Heile livet vårt der blei bomba sønder og saman, seier dei.

I Norge kom dei først til Råde, og så har dei budd ei stund i Bodø òg. No går dei på norskkurs ved Vaksenopplæringa her i Kvinnherad, og skryt veldig av mottakinga dei har fått her.

– Naturen er nydeleg og folk er vennlege og snille. No håpar vi mange vil komma og feira uavhengigheitsdagen til Ukraina med oss på onsdag. Før konserten byr vi på kjeks og kaffi, og forhåpentlegvis kan vi bli kjende med litt nye folk, smiler paret.

OBS: I den første versjonen stod det at konserten blir i kulturskulen, men Oddvar Onarheim i kulturhuset seier at den blir i kinosalen i kulturhuset i staden for.