Gå til sidens hovedinnhold

Ulukke i båthamna på Husnes

Torsdag kveld rundt klokka 19.35 blei det meldt om ei ulukke i båthamna på Husnes, der eit barn skal ha blitt henta opp av sjøen.

Det opplyser Vest politidistrikt sin operasjonssentral til Kvinnheringen.

Politi og ambulanse rykte ut til staden, og sette i gang livredning.

Via Twitter skriv operasjonssentralen at barnet kan ha vore i sjøen i rundt tre minutt.

Rett før klokka 20.30 fekk Kvinnheringen opplyst at barnet var på veg til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse.

Politiet har førebels ikkje fleire opplysningar om ulukka, eller tilstanden til barnet.

Kommentarer til denne saken