Køyrde på lam og stakk av

Søndag ettermiddag vart eit lam påkøyrd i Fjellhaugen. Føraren stakk frå staden og lét lammet ligga midt i vegen.

DEL

– Eg synest det er veldig feigt å stikka av når ein kjem ut for ei sånn ulukke.

Det seier Idar Bjørgen, bonden som eigde lammet som vart påkøyrd i Fjellhaugen. Bjørgen vart søndag kveld kontakta av fleire som hadde køyrd forbi lammet, som låg midt i vegen.

– Lammet låg i ein blodpøl, og det var ingen bremsespor på staden. Det var trafikkfarleg at det vart liggande slik, seier Bjørgen, og fortset:

– Det minste ein kan gjera er å flytta lammet ut av vegen, og forsikra seg om at det er daudt.

Om lammet døydde av samanstøyten, eller om det har lidd, veit Bjørgen ingenting om.

Dette er ikkje første gongen det har skjedd påkøyrsle av dyr i Fjellhaugen:

– Det er vel eit generelt problem at det er mykje stygg køyring i Fjellhaugen, men sjølv når ein køyrer forsvarleg kan slike ulukker skje. Sauene går i eit utsett område, og eg har derfor veldig stor forståing for at ein kan vera uheldig. Det som er kritikkverdig er at ein berre stikk i frå. Namnet mitt står på klypene som sauene har i øyrene, så det hadde ikkje vore vanskeleg å få tak i meg.

Bjørgen etterspurde tips på Facebook-sida «Kvardagsprat i Kvinnherad» måndag, men har ikkje høyrd noko meir.

– Eg hadde håpt at vedkomande tok kontakt og gjorde opp for seg, då hadde saka vore daud frå mi side.

Bonden har no vore i kontakt med politiet, som ikkje har fått inn nokre meldingar. Bjørgen har også teke kontakt med bilverkstadar for å høyra om dei har fått inn køyretøy med mistenkelege skadar.

– Dette har vore ein såpass kraftig samanstøyt at det må synast på køyretøyet, seier Bjørgen.

– Meld frå

Lensmann Sigurd Børve understrekar at det er viktig å melda frå om ein er uheldig å køyra på husdyr.

– I utgangspunktet skal ein melda frå til dyreiegaren. Er det vanskeleg å finna ut kven som eig dyret, er Mattilsynet rette instans. Alternativt melder ein frå til politiet. Køyrer du på hjort eller rådyr, er det Kvinnherad Ettersøkslag og politiet som bør kontaktast, forklarar Børve.

Han oppmodar folk som måtte vita noko om uhellet med lammet om å ta kontakt med lensmannskontoret.

Artikkeltags