Ny trafikkulukke på Halsnøy

Ein mannleg syklist i slutten av 40-åra vart i ettermiddag påkøyrt på ein parkeringsplass ved Halsnøy Kloster. Ulukka skjedde rett før klokka 17.00, og politi og ambulanse rykte ut til staden. Operasjonsleiar Dag Olav Lien seier til Kvinnheringen at det har vore låg fart inne i bildet. Mannen er no køyrt til Stord sjukehus for vidare undersøkingar. Lien opplyser vidare at den påkøyrde var vaken og medviten ettr ulukka, i følgje han som har meld frå om ulukka. - Noko meir veit ikkje vi om tilstanden til vedkommande, seier Lien.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags