Ulukke i Halsnøytunnelen

Her blir bilen som krasja frakta ut av tunnelen. Framfor ser du lasteplanet med asfaltutleggjaren på, som bilen krasja inn i. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Her blir bilen som krasja frakta ut av tunnelen. Framfor ser du lasteplanet med asfaltutleggjaren på, som bilen krasja inn i. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Torsdag morgon krasja ein personbil inn i ein «krok-kasse», eller lasteplan med asfaltutleggjar på, som stod i ro i Halsnøytunnelen. Føraren, ein godt vaksen mann, var åleine i bilen, og kom køyrande frå Halsnøy-sida. Han var bevisst etter ulukka, men blei flydd med ambulansehelikopter til sjukehus fordi ein frykta at han hadde indre skader.

Årsaka til at denne «krok-kassen» eller lasteplanet med asfaltutleggjaren på stod i tunnelen, var at traktoren som frakta denne punkterte der kvelden før, og måtte setja lasteplanet frå seg. Akkurat då den var i ferd med å bli henta ut av tunnelen torsdag morgon, krasja altså personbilen inn i den.

Ulukka førte til lange køar på begge sider av tunnelen i morgontimane. Ved 08.30-tida blei den opna for å sleppa trafikk gjennom, men måtte stengjast igjen medan politiet gjorde åstadsundersøkingar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags