Må i fengsel etter tunnelkrasj

DEL

Med fem passasjerar i bilen køyrde ein bil i fjellveggen i Halsnøytunnelen rett før jul i 2017.

Den unge føraren av bilen kom køyrande mot Husnes då han mista kontrollen over bilen og køyrde i fjellveggen. Farten er rekna til å vera minst 140 kilometer i timen.

Bilen vart totalskada i samanstøyten og både føraren og fire av passasjerane fekk skadar.

Den dømte mannen tilstod å ha køyrt for fort, og hatt for mange passasjerar i bilen.

I straffeskjerpande retning er det lagt vekt på at køyringa medførte trafikkuhell med omfattande person og materielle skadar. Det står klart i dommen at det er rein flaks at ingen vart påført betydeleg skade eller vart drepne, noko som ville vore sannsynlege følgjer av køyringa. Dessutan medførte køyringa ein fare for andre trafikantar då den dømte sin bil kom over i motgåande køyrebane.
Dommaren i saka er komen til at den unge mannen dømmast til 26 dagar i fengsel. Han vert og fråteken førarkortet i 20 månader, og må ta full førarprøve igjen.  

Føraren er ikkje straffa tidelgare.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags