Velfortent heider til redningsmann

Her er redningsmannen Endre Teigen flankert av brannsjef Atle Josdal og ordførar Peder Sjo Slettebø.

Her er redningsmannen Endre Teigen flankert av brannsjef Atle Josdal og ordførar Peder Sjo Slettebø. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag ettermiddag vart Endre Teigen (37) heidra for redningsdåden i samband med badeulukka i Opsangervatnet på Husnes nyleg.

DEL

Det var ordførar Peder Sjo Slettebø som på vegner av Kvinnherad kommune overrekte blomar og kort til den snartenkte livreddaren. Sidan Endre Teigen er brannmann knytt til hovudbrannstasjonen på Husnes, var det naturleg å føreta overrekkinga der.

– Vi er stolte over innsatsen din – du har vore med på å redda eit ung liv, sa ordføraren då han overrekte blomar og kort.


Rask reaksjon

Dagen då badeulukka skjedde, laurdag 2. juni, var Endre med ungane sine ved Opsangervatnet på Teigen-sida. Då han høyrde rop om hjelp, fekk han mora til å passa ungane, slik at han kunne kasta seg i kajakken og padla over til ulukkestaden ved Kaldaneset.

– Eg kunne ikkje ha padla over om ikkje mor mi kunne passa ungane, forklarar den smålåtne helten.

Han tippar at distansen var om lag 700 meter og fortel han padla så fort han kunne for å hjelpa til etter å ha høyrt skrik om hjelp. Då han kom fram, var den forulukka 17-åringen dratt inn i fjøra av broren.

– Saman med broren fekk eg 17-åringen litt lenger opp på land, slik at det var råd å driva hjarte/lunge-redning, fortel Teigen.

Han forsikra seg òg om at ulykka vart varsla då ein av dei andre ungdomane kom til lands. Etter om lag ti minuttar med hjarte/lunge-redning kom ambulansefolka til staden.


Gode nyhende

I dagane etter ulukka, har Teigen, til liks med mange andre, følgt spent med på pressemeldingane frå Universitetssjukehuset Haukeland. I fleire dagar vart tilstanden karakterisert som kritisk. Om kvelden 5. juni fekk brannsjef Atle Josdal telefon frå Sondre Solheim ved Kvinnherad lensmannskontor. Solheim kunne då fortelja at guten som var nær ved å mista livet i badeulykka, var utanfor livsfare. Denne gledelege beskjeden vart formidla til livreddaren frå Teigen.

Brannsjefen er stolt over den snartenkte brannmannen:

– Den raske reaksjonen til Endre har utan tvil vore med på å redda livet til guten. Handlekrafta er imponerande. Som brannsjef for Kvinnherad brann og redning er eg mektig stolt over å ha brannmenn som Endre med på stasjonen. Han og dei andre brannkonstablane gjer ein utruleg jobb for Kvinnherad kommune. Det gode samarbeidet mellom politi, helse og brannvesen bidreg til å trygga innbyggjarane i kommunen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags