Gå til sidens hovedinnhold

Bilulukke på Raudstein

Artikkelen er over 2 år gammel

Ei ung dame var åleine i bilen då ho mista kontrollen over køyretøyet søndag kveld.

Rundt klokka 22.30 melde 110 Hordaland på Twitter at det hadde vore ei bilulukke ved Raudstein i Kvinnherad, og at ein bil hadde køyrt i fjellveggen.

Den unge dama blei teken med i ambulanse og køyrt til legevakta. Ho blei utskriven frå legevakta utan alvorlege skadar, opplyser politiet måndag morgon.

Då Kvinnheringen var på staden søndag kveld, var det kø av bilar i begge retningar.

Kommentarer til denne saken