Nesten 200 var samla for å minnast den omkomne 18-åringen

Av
DEL

Lokalsamfunnet mintest avdøde med musikk, helsingar, lystenning og stillhet.

Dei siste er i ferd med å gå då BA pratar med sokneprest Reidar Ådnanes i Husnes og Holmdal sokn litt før klokka 20 onsdag.

Tidlegare på kvelden var mellom 150 og 200 menneske samla for å minnast avdøde Jens Emil Tøkje Jacobsen som omkom i ei trafikkulukke natt til onsdag.

Den omkomne fylte 18 år tysdag og var busett på Valen.

– Vi har hatt ei fellessamling med høve til å sitja igjen og prata litt uformelt etterpå, fortel Ådnanes.

Samlinga fann stad i Valen kyrkje.

– Vi hadde litt musikk og ordføraren hadde ei helsing. Deretter hadde vi lystenning, stillhet og musikk.

Mange som bryr seg

Mange av deltakarane under minnestunda var ungdommar.

– Det er ikkje så mange ord no. Denne stunda handla mest om å visa omsorg og at folk skal sleppa å sitja åleine, seier soknepresten.

– Det er alltid veldig krevjande når ein 18-åring døyr. Det set eit stort preg på både familie og vennekrets. Ulukka er framleis eit sjokk, og fleire har gitt uttrykk for at det hele følest uverkeleg.

De oppmøtte under minnestunda var familie, vener og arbeidskameratar av avdøde.

– Det er sterkt og imponerande at familien orkar å vera saman med så mange folk så kort tid etter ulukka. Samtidig kan det kanskje vera ei lita trøyst å sjå at det er så mange som bryr seg om dei og som bryr seg om den døde, sier Ådnanes.

Det var to personar i ulukkesbilen. Den andre i bilen var ein mann på same alder som den omkomne. Han blei frakta til Stavanger universitetssykehus i natt. Tilstanden hans meldast å vera kritisk, men stabil.

– Følest meiningsfullt

Torstein Aarthun er med i kriseteamet som er oppretta etter ulukka. Han er også tidligare prest i kyrkjesoknet og bekjent av familien til den omkomne. Aarthun seier at Kvinnherad er eit lite samfunn der alle må trø til når slike ting skjer.

– Det er aldri kjekt, men arbeidet følest meningsfullt. Vi kan ikkje gjera noko med sorga og sinnet, men vi prøver å skapa møteplassar der berørte kan treffast og lufta tankane.

I løpet av minnestunda var politiet innom og gav ei kort og nøktern orientering om det som skjedde ulukkesnatta. Det var ei rein orientering av faktiske forhold, utan spekulasjonar. Politiet orienterte blant anna om tidspunkt for ulukka, helsehjelp og hjelpemannskapets arbeid.

Saka er henta frå Bergensavisen.

Artikkeltags