Det går betre med 17-åringen som laurdag var nær å drukna i Opsangervatnet på laurdag. Haukeland universitetssjukehus endra tilstanden hans frå «kritisk» til «alvorleg» skadd onsdag, og torsdag morgon opplyste Kvinnherad lensmannskontor at dei kjente til at 17-åringen er bevisst og kommuniserer.
– Svært gledelege nyhende for oss og mange andre som har tenkt mykje på guten desse dagane, kommenterer politioverbetjent Torgeir Fosse til Kvinnheringen.

Les også