17-åringen som laurdag ettermiddag blei henta opp frå Opsangervatnet er ikkje lenger kritisk skadd. Det melder Haukeland universitetssjukehus i ei pressemelding på nettstaden sin onsdag føremiddag. Guten blir no beskriven som «alvorleg skadd».
Guten var ute og bada med vener då ulukka skjedde. Han var ikkje svømmedyktig, og fekk problem undervegs. Vennene blei raskt klare over at 17-åringen gjekk under vatn, og saman med folk som var på land klarte dei å få guten opp av vatnet. Ein mann på andre sida av Opsangervatnet, i Teigen, høyrde rop og skrik og heiv seg i kajakken. Han gjorde ein betydeleg jobb på staden med hjarte- og lungeredning fram til naudetatane kom.