Omkom etter å ha køyrt i fjellveggen

Ulukka skjedde her, i Stussvikhovdatunnelen i Ølve.

Ulukka skjedde her, i Stussvikhovdatunnelen i Ølve. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Mannen som køyrde i fjellveggen i Stussvikhovdatunnelen i Ølve i natt omkom etter ulukka. Det melder politiet i ei pressemelding.

Det blir oppretta undersøkingssak. Ifølgje avisa Tysnes er det ein 23 år gammal mann som mista livet. Mannen er ikkje busett på Tysnes.

– Ein har ikkje grunn til å tru at farta har vore høg, og mannen var ikkje fastklemt, fortel Lorentz Lunde, lensmann i Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt, til avisa. Mannen i 20-åra omkom likevel på staden.

– Dette er litt uforklarleg, seier lensmannen.

Det var klokka 03.22 (natt til måndag) at ein forbipasserande oppdaga ulukka, og alle naudetatar i tillegg til luftambulanse rykte ut til ulukkesstaden.

Stussvikhovdatunnelen ligg rett før Lukksund bru på grensa mot Tysnes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags