Gut påkøyrt i Rosendal – heldigvis gjekk det bra

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Rett før klokka 15.30 onsdag blei ein ni år gammal gut påkøyrt ved butikken på Seim, fortel operasjonssentralen til Vest politidistrikt. Guten blei undersøkt av helsepersonale, og framstår som uskadd.

Guten skal ha prøvd å kryssa vegen ved å gå framfor ein buss som stod ved busstoppen, då ein bil kom forbi bussen på utsida og køyrte på han.

Politiet er no på staden og skal avhøyra vitne og føraren av bilen. Det er noko kø i området, og trafikken blir dirigert manuelt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags