Inger Lise mista guten sin

I år er det ti år sidan Rune Voll blei drepen i ei trafikkulukke på Sunde. Han blei berre 25 år gammal.
Publisert
DEL
I år er det ti år sidan Rune Voll blei drepen i ei trafikkulukke på Sunde. Han blei berre 25 år gammal.

Den farlege trafikkenRune var Inger Lise sitt første barn, og dei to hadde eit nært forhold. Ho beskriv han som blid og sprudlande, full av livsgnist. Tempoet var høgt, han var energisk, og han hadde alltid dårleg tid. Viss han hadde vore på fest eller ute på Vift, var det ofte Inger Lise som henta han og køyrte han heim. Viss ikkje var han flink til å senda ho ei melding om at han var komen seg heim. Men det skjedde ikkje natt til søndag 19. oktober i 2008. Rune og ein kamerat sette seg i bilen, og Rune køyrde med promille. Rundt klokka 05.30 køyrde han av vegen ved skulehusbrekka på Sunde, og bilen hamna i sjøen. Kameraten kom seg ut av bilen, men Rune drukna. Inger Lise, som jobbar nattevakt på Rosendal fjordhotell, blei vekt utpå morgonen med beskjeden om at sonen var død.

– Hugsar du korleis det var den dagen du fekk vita at Rune var død?

– Eg hugsar at det var kaos. Du går liksom på autopilot. Eg ringte rundt til dei nærmaste for å fortelja kva som hadde skjedd. Rune har tre andre søsken, og i tillegg ein son som då var seks år. Som mor var eg jo oppteken av å ta vare på dei.

I ettertid hadde Inger Lise god kontakt med kameratane til Rune.

– Det var alltid godt å treffa dei. Vi grein litt, prata litt og trøysta kvarandre.

Mykje sorg

No er det snart ti år sidan Rune døydde. Minna lever vidare, og då vi kom heim til Inger Lise stod fleire bilde av han framme på kommoden i gangen saman med tente lys. For oss som ikkje har opplevd å mista eit barn, er det umogleg å førestilla seg kor vondt det må vera.

– At han er borte er det tøffaste. Det gjer jo noko med familien, vi blir aldri heilt dei same. Noko manglar, det kjennest tomt. Alle har vi ulike måtar å takla det på, nokre med sorg, andre med sinne. Men eg vil ikkje vera bitter. Det går berre ut over meg sjølv.

Berre to og ein halv månad etter at Rune døydde, mista Inger Lise bror sin i ei gravemaskinulukke. Søster til Rune, Mona, mista sambuaren sin i 2016, medan bror til Rune, Øyvind, mista ein kamerat i ei trafikkulukke nokre år før Rune døydde. Familien har vore gjennom mange sorgperiodar på få år.

– Korleis går det no?

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seia. Det går....greitt. Eg har mange barnebarn som eg tar vare på og gler meg over, og vi har jo oppturar innimellom. Men vi har opplevd mykje vondt. Dei seier at du blir herda, men kor herda skal ein eigentleg måtta bli? Nokon surfar gjennom livet utan å oppleva slikt, medan andre får mykje. Livet kan vera ein kamp.

Inger Lise og familien blir aldri dei same etter at dei mista Rune, men likevel går livet og kvardagen vidare. – Det er tomt utan han. Men å vera bitter hjelper ikkje, seier ho, og klør hunden Fant bak øyra.

Inger Lise og familien blir aldri dei same etter at dei mista Rune, men likevel går livet og kvardagen vidare. – Det er tomt utan han. Men å vera bitter hjelper ikkje, seier ho, og klør hunden Fant bak øyra.

– Fekk de noko hjelp eller oppfølging etter at Rune døydde?

– Kriseteamet var jo involvert rett etterpå, og ein i kriseteamet heldt tale under minnestunda. Legen min sa at om det var noko eg trong, så var det berre å seia ifrå. Men du må be om det sjølv, og då skal du jo eigentleg vera ganske oppegåande. Eg tenkjer på dei som ikkje har nokon rundt seg, kor tøft det må vera.

Inger Lise var ikkje sjukemeldt i perioden etter gravferda.

– Som nattevakt på fjordhotellet er eg jo stort sett åleine, og eg skal innrømma at det var tungt å gå åleine med tankane.

– Snakk om det

Vi spør om køyringa til Rune var ei bekymring for Inger Lise.

– Alle foreldre kjenner vel på det. Eg maste og kjefta konstant, og bad han køyra forsiktig, spesielt om morgonen når han skulle på jobb. Nokre år før ulukka mista han sertifikatet på grunn av promillekøyring, han køyrde berre nokre hundre meter før han blei teken, heldigvis. Etter det tok han seg saman. Eg blei overraska over at han køyrde med promille den natta han omkom, det hadde eg ikkje trudd.

Inger Lise seier det framleis er tøft å lesa om dødsulukker som skjer i kommunen. Då blir alt ho sjølv har opplevd rippa opp i, og ho tenkjer og føler med dei som sit igjen og har mista nokon.

– Kva tiltak trur du vil fungera på ungdom?

– Det er vanskeleg å svara på. Dei er jo verdsmeistrar, og trur ikkje det kan skje noko gale med dei. Det er vanskeleg å nå inn, men eg trur det hjelper å snakka om det og få fokus på temaet. Noko må gjerast for å få dei til å ha respekt for kva som kan skje, både når det gjeld promillekøyring og ved høg fart. Kanskje burde det vore alkolås på alle bilar, eg veit ikkje. Kontrollar kan jo vera bra, men samtidig veit vel dei fleste i bilmiljøa om kontrollane lenge før dei hamnar borti dei.

– Har du råd til andre som må gjennom det du har opplevd?

– Det er i alle fall ikkje farleg å snakka om det som har skjedd, og vera open. Eg trur det er den beste terapien. Eg tenkjer at det er viktig å ta vare på kvarandre. Sei det du vil seia til dei du er glad i no, før det er for seint. Ein veit aldri. Eg trøystar meg med at eg og Rune var så nær kvarandre. Han visste at eg var glad i han.

Artikkeltags