Gjennom teaterleik og moro skal det bli kjekkare å læra

Her er teaterlærar Eirin Nordvik (i gul gensar) i Myrane barnehage, assistert av Fahiimeh Moaiedi (i midten) og Anne Marta Tvedt.

Her er teaterlærar Eirin Nordvik (i gul gensar) i Myrane barnehage, assistert av Fahiimeh Moaiedi (i midten) og Anne Marta Tvedt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er målet med det heilt nye samarbeidet mellom kulturskulen og born i grunnskulen og barnehagar.

DEL

– Har de det kjekt? spør vi den eine av tre grupper på førstetrinnet ved Undarheim skule.

Bakgrunnen for spørsmålet er eit nytt opplegg der elevane på førstetrinnet startar tysdagen med teaterleik med teaterlærar Eirin Nordvik frå kulturskulen. Deretter følgjer rettleia skriving med utgangspunkt i det elevane opplevde saman med Nordvik, og til sist er det gruppearbeid med PALS-leiaren der ein dramatiserer retningslinjene for skulen. Gruppa som får spørsmålet held på med PALS.

Alle nikkar ivrig og seiar ja i kor. Det vil seia nesten alle. Ein av gutane rekkjer opp handa og seier:

– Men no vil eg ha friminutt!

Ja, friminutt og frileik er òg viktig for ein seksåring – og det får dei sjølvsagt.

Teatermoro

Nordvik finn på gøye ting i teatertimen. Elevane dansar, syng og dramatiserer historier og eventyr. Gruppa vi er inne hos ei lita stund  går heilt opp i rollane og ser ut til å storkosa seg. Nordvik har med seg to av skulen sine assistentar, som òg må trekkja fram skodespelaren i seg. Det er Linda Leirvik Botnen og Aina Røssland, som klarer seg godt. Denne dagen følgjer også Undarheim-rektor Marie Elisabeth Kaldestad og kulturskulerektor Kirill Zimin med på runden. Dei to har hatt eit godt samarbeid i forkant av prosjektet.

– Elevane er kreative, motiverte og glade heile resten av dagen. Så dette samarbeidet er vi svært godt fornøgde med, stråler Kaldestad.

Lagar bøker

På post nummer to er elevane i full gang med skrivinga, rettleia av lærar Trude Vikene. Ho fortel at timen begynner med at elevane sjølve fortel kva dei opplevde i teatergruppa.

– Av det lagar eg setningar som eg skriv på tavla. Elevane vel ut ein eller fleire av desse og skriv dei inn i bøkene som kvar og ein elev lagar undervegs. Til sist blir setningane, det vil seia opplevingane, illustrerte med ein teikning. Sjå så fine bøker dei lagar! skryter Vikene og viser eit par flotte eksemplar.

God skule

Det tredje gruppearbeidet går ut på lett dramatisert trening i PALS-reglane. PALS er eit opplegg som tar sikte på å byggja opp eit trygt læringsmiljø gjennom god framferd. Bokstavane står for «positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling». Elevane blir presenterte for litt enklare omgrep, forkorta til ROSA, som står for respekt, omsorg, samarbeid og ansvar. Seksåringane er meir enn villige til å utdjupa noko av det dei held på med.

Lillian er først ute:

– Vi må ta opp handa når vi skal seia noko, og så har vi ansvar for kvarandre.

– Vi må lytta nøye til det læraren seier, legg Elias til.      

Oscar er opptatt av omsorga for andre og seier:

– Vi må trøysta dei som treng det.

– Vi må vera flinke til å jobba saman og hjelpa kvarandre, trekkjer Jakob fram.

Gruppa er leia av PALS-leiar Anne Karin Håvik, assistert av lærar Maria Øvrevik. Dei to ser ut til å vera stolte over dei kjekke og flinke elevane – og det med god grunn.

I tråd med visjonen

Det var kulturskulerektor Kirill Zimin som hadde ideen til dette fine samarbeidet med skulen. Eit samarbeid er òg etablert med Myrane barnehage. Der får borna frå fire til seks år vera med Eirin Nordvik på teaterleik kvar tysdag. Frå desse to einingane får rundt 60 barn denne opplæringa no.

– Visjonen vår er at Kvinnherad kulturskule skal vera ein skule for alle. Vi ser på oss sjølve som eit ressurs- og kompetansesenter i kommunen, og dette er ein måte å gjera fleire kjende med kva vi har å tilby, seier Zimin.

– Men er ikkje dette ressurskrevjande for skulen?

– Jo, men vi har kompetente og flinke folk i rekkjene våre, og dette her er noko vi ønskjer å satsa på, forklarer han.

Også Undarheim skule har satsa ekstra ved å setja inn ein ekstra assistent som er med Nordvik på teaterleiken.

Zimin vil gjerne ha fleire på banen og ønskjer derfor samarbeid med fleire skular, barnehagar og andre einingar i kommunen.

– Alle kommunale tenester og einingar som ønskjer samarbeid med oss er velkomne til å ta kontakt, helsar kulturskulerektor Zimin.

Artikkeltags