No har Undarheim skule også fått nye, flotte leikeapparat

Dette fine klatretårnet kan lett bli ein favoritt.

Dette fine klatretårnet kan lett bli ein favoritt.

Artikkelen er over 2 år gammel

Med snorklipp, fint besøk, bollar og saft vart den nye leikeplassen ved Undarheim skule opna på måndag.

DEL

Stemninga var god då det nyplanerte leikeområdet med fem nye apparat vart opna på Undarheim skule måndag føremiddag.

– Ein stor dag for elevane på skulen. Her skal vi ha det gøy, sa elevrådsleiar Ida Marie Hjelmeland til Kvinnheringen då den offisielle seremonien var over.

– Var det stort behov for fornying?

– Det var sikkert ikkje det, men det er alltid kjekt å få nye leikeapparat, sjølv om dei helst er tilpassa dei yngste. Rektor skal ha skryt for å ha fått dette til, rosa elevrådsleiaren, som går i sjuande.

– Har du ein favoritt blant det nye?

– Klatretårnet er eit flott apparat!

Det såg ut til at mange var einige i det, i alle fall strøymde borna til dette tårnet straks sperringane var fjerna.

Elevrådsleiaren fekk æra av å klippa snora saman med sektorleiar Anne Sofie Bjelland Kjeka. På skuleplassen stod 246 forventningsfulle elevar og såg på. Dei gledde seg over både leikeplassen og ferske bollar med saft til.

Alle skulen sine 246 elevar var med på opninga.

Alle skulen sine 246 elevar var med på opninga.

– Uteleik er bra for både kroppen og humøret, helsa sektorleiar Kjeka.

Elevrådsleiar Ida Marie Hjelmeland og sektorleiar Anne Sofie Kjeka fekk æra av å klippa snora til den nye leikeparken på Undarheim.

Elevrådsleiar Ida Marie Hjelmeland og sektorleiar Anne Sofie Kjeka fekk æra av å klippa snora til den nye leikeparken på Undarheim.

Meir i vente

Rektor May-Lis Kaldestad fortel at leikeparken er betalt over det ordinære skulebudsjettet, og at dette har vore mogleg grunna bevisst satsing.

– Vi har brukt noka tid på dette. Apparata har vi kjøpt når dei har vore på tilbod, og vi har lagra dei på skulen i mellomtida,   fortel Kaldestad fornøgd.

Apparatsamlinga består av ei klatreborg, eit dissestativ, to klatretårn og eit litt spesielt sekskanta klatrestativ. Heile anlegget har kosta rundt 250.000 kroner inkludert planering av området. På opninga var Dimmelsvik Entreprenør representert ved prosjektleiar Guttorm Røssland. Han fekk både blomar og godord for innsatsen.

Kaldestad fortel at ho har fleire tankar og ønske for uteområdet ved Undarheim. På området som ligg nærast vegen tenkjer ho seg ulike motoriske treningsapparat for born og vaksne, dessutan nokre sitjegrupper.

– Håpet er å utvikla området til å bli attraktivt også på ettermiddagstid. Plassen passar godt for heile familien og vil vera open for alle.

Artikkeltags