Først og sist på skulebenken

F.v. Brede, Emil, Kjersti og Veslemøy fann fort tonen, sjølv med 51 års aldersforskjell.

F.v. Brede, Emil, Kjersti og Veslemøy fann fort tonen, sjølv med 51 års aldersforskjell. Foto:

Undarheim skule feirar 50 år. Vi lèt to av dei første førsteklassingane frå 1968 møta to førsteklassingar i dag.

DEL

Emil Aleksander Stensletten og Veslemøy Skeie Helle, begge seks år og elevar i førsteklassen «Tigrane», stråler når Kvinnheringen sin utsende stikk innom for ein prat. Like strålande tar dei imot to førsteklassingar frå 1968, Brede Grønningen og Kjersti Kaldestad. Trass i 51 års aldersforskjell er det lett å finna tonen. Brede og Kjersti var sju år då dei begynte på skulen i 1968. I dag er førsteklassingane seks år.

Emil og Veslemøy har mykje dei kan tenkja seg å snakka om, blide, trygge og pratsame som dei er.

– Vi skal gå i Lucia-tog på festen! fortel Emil.

Han siktar til den store 50-årsjubileumsfesten for skulen som var i Kulturhuset Husnes på torsdag. Festførestillinga opna med eit feiande flott og syngjande Lucia-tog. Både Veslemøy og Emil var med i toget.

«Svart senker natten seg, i stall og stue...»

Dei to sjarmtrolla trør til med songen som skal syngjast dagen etterpå. Den sit som spikra. Emil, Veslemøy og resten av englane har tydelegvis øvd.

Å øva til fest skjer ikkje så ofte på skulen. Vi spør dei kva som er kjekkast til vanleg.

– Friminuttane, svarer Veslemøy kjapt. Emil gir klart uttrykk for at han er heilt einig.

– Kva gjer de i friminuttane, då?

– Hoppar frå dissene og leikar i stativet. Og så er det kjekt å jaga jentene, fortel Veslemøy.

– Jaga jentene?

– Ja, dei som går i Bjørnane.

– Kvifor gjer du det?

– Det er kjekt, vel, fniser seksåringen.

«Bjørnane» er namnet på den andre førsteklassen. Vi anar ein viss konkurranse mellom parallellklassane.

Vi prøver å snakka litt om korleis dei har det i timane. Dei synest ikkje det er noko å snakka om, for det meste er fint der, forstår vi.

Av lærarar vert Jorunn og Katrine nemnde.

– Jorunn er litt streng, men veldig kjekk, er dei einige om.

– Og så er det litt gøy når Katrine vert sint eller stressa, seier Veslemøy.

Ho og Emil må le litt ved tanken på det.

– Av og til blir dei som bråkar i klasserommet flytta litt på for at det skal bli stillare der, fortel dei.

Seksåringane ser lurt på kvarandre og blir einige om å innrømma at dei begge er blitt flytta på.

– Nei, no må eg gå ein runde rundt bordet, seier plutseleg Veslemøy og reiser seg frå stolen. – Eg klarer ikkje sitja stille så lenge om gongen, forklarer ho.

– Veit du kva eg ønskjer meg til jul, spør Emil.

Han vil heller snakka om det.

– Playstation 3! For då kan eg spela «Minecraft», svarer han på sitt eige spørsmål. Dette høyrest ut som noko han har veeeeldig lyst på.

Emil og Veslemøy gler seg til jul!

Emil og Veslemøy gler seg til jul! Foto:

– I dag skal vi feira bursdagen til veslebroren min. Han er tre år, kjem Veslemøy på.

Ho gler seg til feiringa som er i vente.

Vi prøver å dreia samtalen inn på korleis dei trur det var på skulen då besteforeldra deira gjekk i førsteklassen.

Dei snakkar litt saman og blir einige om dette:

– Dei hadde nok ingen leikeapparat ute. Og det var sikkert kjeeedeleg.

– Dei hadde ikkje bilar heller, legg Veslemøy til.

– Nei, berre syklar og traktorar, meiner Emil.

Elles trur dei alt det andre er som før.

Brede og Kjersti lurer på kva Emil og Veslemøy vil bli når dei blir store.

– Politi, har Veslemøy bestemt seg for.

– Eg vil bli sjef på fly, for då kan eg bestemma at ingen skal betala meir enn éi krone. Då kan jo alle reisa, seier den reiseglade og forventningsfulle Emil.

Førsteklassingar frå 1968 møter førsteklassingar i dag. F.v. Brede Grønningen, Emil Aleksander Stensletten, Veslemøy Skeie Helle og Kjersti Kaldestad.

Førsteklassingar frå 1968 møter førsteklassingar i dag. F.v. Brede Grønningen, Emil Aleksander Stensletten, Veslemøy Skeie Helle og Kjersti Kaldestad. Foto:

Snill rektor og skumle friminutt

Dagens 57-åringar på Husnes høyrer til det første kullet med førsteklassingar etter at ny Undarheim skule var på plass i 68. Vi har tatt ein prat med to av dei.

Skulen var ny då Brede Grønningen og Kjersti Kaldestad begynte i førsteklassen i 1968. Rett nok måtte dei gå på gamleskulen ved Bogsnesvågen den første tida. Nyeskulen var for liten alt frå starten av, slik at begge måtte brukast i ein periode.

Det vart nemleg reine befolkningseksplosjonen på Husnes etter at Søral starta opp produksjonen i 1965. Etter kort tid hadde verket heile 600 tilsette. Svært mange av desse kom reisande med familie og barn frå mange kantar av landet. Ei lang stund mangla «nye Husnes», det vil seia Troåslia, besteforeldre. Dei fleste vaksne var unge folk med barn i skulealder. Arbeidet med ny skule og nødvendig forlenging av Opsangervegen begynte straks.

I dag har skulen 233 elevar og Søral/Hydro 255 tilsette. Sjølv om skulen undervegs fekk ein ekstra fløy, to brakker og gymsal med symjehall, er den likevel framleis for liten. No skuldast det nye krav til undervisningsopplegg, mangel på spesialrom, behov for samlingsplass og eigen gymsal. Klasserom er det nok av, ifølgje dagens rektor, Marie Elisabeth Kaldestad. Ho er den tiande rektoren i rekkja.

– Skulen var flott og moderne då han var ny, syntest vi, hugsar Brede og Kjersti med fornøgde smil.

– Emil og Veslemøy tenkjer at mangel på leikeapparat er den største forskjellen på då og no. Stemmer det?

– Det stemmer at vi ikkje hadde leikeapparat. Faktisk ikkje disser eingong. I staden for gjekk det i fotball, slåball, paradishopping, tauhopping, slå-på-ringen og slikt. Vi kom vel eigenleg ikkje på at vi sakna noko på det området, fortel Brede og Kjersti.

– Og klinkekuler, hugsar Kjersti, vi spelte mykje med klinkekuler.

Brede skvett fram på stolkanten.

– Hugsar du dei flotte stålkulene dei med fedrar på Søral hadde? Dei klinka oss andre heilt ut, seier han, tilsynelatande framleis lett irritert over det.


Større respekt

Ikkje uventa trekkjer Brede og Kjersti fram kor stor respekt dei hadde for lærarane.

– Vi våga ikkje seia imot læraren, men gjorde som dei sa. Viss ikkje, kunne vi bli sendt i skammekroken, seier Brede, reiser seg frå stolen og går bort i eit hjørne der han stiller seg opp med ryggen til oss.

– Slik måtte vi stå, seier han med eit lett hufs.

Han veit kva han snakkar om, for han var blant dei som fekk prøva skammekroken på Undarheim.

– Problemet mitt var at eg snakka for mykje i timane. I karakterboka vart dette nesten alltid omtalt. Kan du forstå det? spør han lattermild.


Skummelt ute

Brede vaks opp i Langgot og var lite saman med dei «nye husnesingane» utanom skuletid. Ikkje i skuletida heller, for den saks skuld.

– Som skulegut var eg minst av gutane i klassen. Sjølv som konfirmant var eg minst. Det gjorde sitt til at eg var redd mange av dei nyinnflytta som var komne, og som stort sett var mykje større enn meg. Det tok lang tid før vi vart kjende og fann ut av kvarandre. Friminuttane var derfor skumle, men inni i klasserommet kjende eg meg trygg, sjølv om lærarane var strenge, fortel han.

Av eg til snakka han så mykje i timen at læraren sende han på teppet til rektor.

– I grunnen var det veldig kjekt. Rektor Hellesø var alltid så snill og mild og fekk meg i godlag igjen.

«Rektor Hellesø» var Gunnlaug Hellesø, skulen sin aller første og mangeårige rektor.


Kaldestad-gjengen

Kjersti hadde det litt annleis enn Brede.

– Eg kan ikkje hugsa eg var redd ute i friminuttane, sannsynlegvis fordi vi var ein god gjeng frå Kaldestad som heldt mykje saman. Eg kjende meg trygg med dei og hadde i grunnen ikkje behov for så mange andre. Når eg tenkjer tilbake på det no, burde vi nok vore flinkare til å ta kontakt med dei nye. Men mange gjekk i bokmålsklassar der dei laga seg sine eigne miljø, hugsar Kjersti.

Brede rettar seg opp i stolen igjen:

– Nokre av dei nye hadde ingen å vera med. Synet av dei som stod og støtta seg oppetter ein vegg i friminuttane gjer meg vondt enno.


Lærarar som ser

Brede og Kjersti snakkar litt saman om kva dei trur er det aller viktigaste av det som er blitt betre.

– No klarer ikkje vi å følgja med på akkurat korleis det er på skulane i dag, men vi trur at lærarane er blitt langt flinkare til å «sjå» kvar enkel elev, og til å vera meir interesserte i å gi hjelp og støtte til dei som treng det. Elevane får også, i langt større grad enn vi fekk, lov til å vera seg sjølve. Om det er meir eller mindre mobbing i dag, er ikkje godt å seia. I alle fall var det ein god del i vår tid òg, til og med lærarar dreiv med det. Særleg fekk dei som ikkje var så skuleflinke gjennomgå. Det håpar og trur vi det er slutt på, seier 57-åringane.

Brede og Kjersti starta samtalen med å seia at dei ikkje hugsar så mykje. Det viser seg å vera feil. Etter kvart som praten går, hugsar dei stadig meir. Så mykje at vi ikkje har plass til å trykka alt.

– Kjersti, du kunne av og til vera litt frekk med meg, hugsar eg, ertar Brede.

– Eg? Nei, det var eg ikkje. Det var vel heller du som kunne vera ugrei med meg, parerer Kjersti.

Slik blir dei sitjande litt å småkrangla. Som om dei plutseleg er sette tilbake i rollane frå den gongen. Men ein ting er dei heilt einige om:

– Vi var stolte av nyeskulen vår!

Artikkeltags