Vil du delta i landsomfattande #metoo-undersøking?

Skjermdump av spørjeundersøkinga.

Skjermdump av spørjeundersøkinga.

Artikkelen er over 1 år gammel

Saman med ei rekkje av Amedia sine 63 lokalaviser og Nettavisen, skal Kvinnheringen no få fram folket sine «metoo»-historier. På kvinnedagen vil vi saman presentera omfanget av #metoo i Norge. Bli med i den anonyme undersøking vår her!

DEL

Dei siste månadane har #metoo breidd om seg og blitt eit globalt fenomen. Så langt har det til dels blitt veldig bransjespesifikt, og noko som i hovudsak har involvert det øvre sjiktet i samfunns- og næringslivet.

Men metoo-historier finst ikkje berre blant politikarar, skodespelarar og i mediebransjen. Det føregår i alle krikar og krokar av samfunnet vårt. I samarbeid med ei rekke av Amedia sine 63 lokalaviser og Nettavisen vil Kvinnheringen no få fram folket sine metoo-historier.

– Kvinnheringen ønskjer at lesarane skal dela sine metoo-historier. Undersøkinga er sjølvsagt heilt anonym, men ein er også velkommen til å kontakta ein av Kvinnheringen sine journalistar viss ein ønskjer det, seier redaktør Tomas Bruvik.

Delta i spørjeundersøkinga ved å klikka deg inn her.

Trass i eit enormt fokus på seksuell trakassering dei siste månadane, kan definisjonen på #metoo for nokon framleis vera uklar.

– Med «metoo» meiner vi at ein person har blitt utsatt for uønska seksuell merksemd og støttar andre som har opplevd det same, forklarar Bruvik.

På kvinnedagen 8. mars vil Kvinnheringen, Nettavisen og ei rekkje av Amedia-aviser over heile landet presentera omfanget av #metoo i Norge.

– Med dette ønskjer vi å setja dagsorden. Å gjera Norge betre. Å markera ein felles parole. Vi skal rett og slett spegla #metoo slik heile Norge ser det. Eg håpar lesarane deler sine historier, seier redaktør Bruvik.

Artikkeltags