Er du utflytta kvinnhering? Då bør du lesa dette

UNDERSØKING: Prosjektleiar ved Kvinnherad kommune, Silvia Tofte vil komma i kontakt med utflytta Kvinnheringar som vurder å flytta heim. (Arkivfoto).

UNDERSØKING: Prosjektleiar ved Kvinnherad kommune, Silvia Tofte vil komma i kontakt med utflytta Kvinnheringar som vurder å flytta heim. (Arkivfoto).

Kanskje meiner du det er noko som manglar i kommunen, anten det er på jobbfronten, bustadmarknaden eller noko heilt anna? Kvinnherad kommune ynskjer å få svar på kva som er viktig for deg som vurderer å flytta heim.

DEL

Kvinnherad kommune skal i desse dagar til med ei undersøking om utflytta kvinnheringar som vurderer å flytte heim i framtida. Dette skal kartlegga kva som er viktige faktorar for å busetja seg i kommunen eller ikkje.

Undersøkinga vil vera med på å setta søkelys på viktige behov og problemstillingar som kan resultera i at kommunen får målsett dei.

I spissen for undersøkinga finn vi prosjektleiar i Kvinnherad kommune, Silvia Tofte. Ho fortel at kommunen tidlegare har hatt liknande undersøkingar, og at ynskje er å få eit fullstendig bilde av kva som er viktig for dei som allereie har flytte frå Kvinnherad kontra dei yngre som enda ikkje har flytta vekk for høgare utdanning og jobb.

– Slik skal undersøkinga nyttast til å sjå korleis utflytta kvinnheringar sine preferansar er i forhold til dei unge som enda ikkje har vore vekke for å ta utdanning, seier ho, og legg til:

– Eg vil òg oppmoda alle kvinnheringar til å nytta seg av emneknaggen #kvinnherad2050 på sosiale medium om ein har eit ønsket eller ein idé for kommunen vår.


Slik deltek du

Om du er ein utflytta kvinnhering som vurderer å flytta heim, oppmodar kommunen deg til å ta kontakta med Silvia Tofte ved å senda ein e-post til silvia.tofte@kvinnherad.kommune.no innan juli i år.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags