Dette kom fram i ny stor undersøking av Kvinnherad-elevane

Dei to karane på fremste rekkje, Reidar Dale og Kristian Hartveit frå KoRus Vest Bergen, presenterte tala frå undersøkinga. Til høgre SLT-koordinator i Kvinnherad, Heidi Bolette Jakobsen.

Dei to karane på fremste rekkje, Reidar Dale og Kristian Hartveit frå KoRus Vest Bergen, presenterte tala frå undersøkinga. Til høgre SLT-koordinator i Kvinnherad, Heidi Bolette Jakobsen.

Dei fleste elevane på ungdomsskulane og KVV trivest godt, men nær 60 % kjenner seg utslite i avgangsåret på ungomsskulen og på vidaregåande. Ungddata-undersøkinga 2019 tok tempen på kvinnheradungdomen gjennom ei spørjeundersking like etter årsskiftet.

DEL

Tysdag inviterte kommunen til ein presentasjon av årets Ungdata-undersøking. Blant dei inviterte var elevrådsrepresentantar frå ungdomsskulane og KVV, nokre lærarar og skuleleiarar, vidare folk frå skulehelsetenesta, skulefaglege rådgivarar, folkehelsekoordinator, ungdomslos, utekontakt, folkehelsekoordinator, lensmannskontoret, eining for barn og unge – med andre ord mange av dei som hjelper ungdomar som kanskje kjem litt dårleg ut i slike statistikkar.

På grunn av trykkjefristen fekk Kvinnheringen berre med seg talpresentasjonen, og ikkje det som var starten på den viktigaste biten: Korleis bruka tala i arbeidet med å få alle ungdomar til å ha det betre. Dei frammøtte skulle nemleg ikkje berre få mange tal i hovudet, dei skulle òg setja seg ned i grupper og diskutera korleis statistikkane kan brukast på konstruktivt vis.

Ungdata.no

Vi rekk berre å gå innom nokre av tala frå undersøkinga her. Går du til ungdata.no finn du fleire tal og fine grafikkar for Kvinnherad og for landet elles. Både for den nyaste undersøkinga, men òg for dei tidlegare.

Undersøkinga vart gjennomført i veke 5, 6, 7 og 8 i år. Dei som vart spurde var ungdomsskuleelevar, altså 8., 9. og 10. trinn, samt dei tre trinna ved vidaregåande. I Kvinnherad var det då 913 elevar ein kunne spørja, medan 759 svara på undersøkinga. Det gir ein svarprosent på 83%.

Undersøkinga er landsomfattande og har halde det gåande sidan 2010 med stadig veksande deltaking. I år deltok 63.000 ungdomsskuleelevar og 55.000 elevar ved vidaregåande skular. Undersøkinga blir gjennomført med to eller tre års mellomrom for å ta tempen på korleis ungdomen har det.

Dei fleste trivst

Slike undersøkingar får ofte eit søkjelys på negative ting. Kanskje det var difor Kristian Hartveit frå KoRus Vest Bergen starta med å slå fast at 67% av kvinnheradungdomen trivst på skulen, og heile 86 % av ungdomsskuleelevane er nøgde med foreldra sine. På KVV dabbar det litt av – der er 80 % nøgde med foreldra sine.

– Dette med å vera nøgde med foreldra sine er ei stor endring samanlikna med førre generasjon, kommenterte Hartveit.

Men nokre gruar seg

Det travle skulelivet viser seg naturleg nok igjen med toppar i 10. trinn og det avsluttande året på vidaregåande. Litt over halvparten av desse elevane kjenner seg stressa av skulearbeidet, og nær 60 % av dei kjenner seg utslitne. Om lag ein av fire svarar at han/ho gruar seg til å gå på skulen i det avsluttande året, både på ungdomsskulen og på vidaregåande.

Psykiske helseplager

Her understreka Hartveit at mange av desse plagene er normale problem i ungdomstida. Trenden er at prosenten som svarar at dei har slike plager, aukar frå rundt 10% på ungdomsskulen, til rundt 25 % på vidaregåande. Skil ein mellom gutar og jenter, er det jentene som dominerer. Det er òg jentene som ser ut til å oppleva mest press med omsyn til prestasjonar, særleg med omsyn til skulen.

Rus

Blant ungdomsskuleelevane i Kvinnherad svara 93 % at dei aldri har drukke så mykje at dei har kjent seg tydeleg ruspåverka. (På landsbasis er talet 88 %.) Vidare svara 4 % at det har skjedd éin gong, 2 % at det har skjedd 2–5 gonger, og 1 % at det har skjedd seks gonger eller meir.

På vidaregåande svara 73 % at dei hadde vore rusa på alkohol siste året. 12 % av VG3-elevane (altså dei som gjekk i VG3 førre skuleår) svara at dei hadde brukt cannabis i løpet av det siste året – på landsbasis var talet 18 %. For ungdomsskulen og vidaregåande i Kvinnherad sett under eitt var talet 9 %.

Reglar hjelper

Med omsyn til alkohol er det verdt å merka seg at reglar heime heilt tydeleg hjelper. For dei foreldra som held seg til norsk lov, og seier nei til alkoholbruk før ein er gamal nok, er det berre fire prosent av ungane i desse heimane som bryt reglane ved å drikka alkohol éin gong i månaden. Blant dei som får gjera som dei vil, er det heile 37 % som drikk alkohol éin gong i månaden.

– Ungane høyrer på foreldra sine, slo Hartveit fast.

Seksuell trakassering

På vidaregåande svara heile 20 % av VG3-elevane stadfestande på at «at nokon mot min vilje befølte meg på ein seksuell måte» ein eller fleire gonger siste året. Og ein av fire hadde opplevd å ha fått spreidd negative seksuelle rykte om seg i same perioden.

– Tala for Kvinnherad er lågare enn for Hordaland og på landsbasis, men det er likevel tal å leggja merke til, sa Hartveit.

Elevrådsrepresentantar frå KVV: F.v. Kaia Vangsnes, Hanna Tvilde og Viljar Tveit.

Elevrådsrepresentantar frå KVV: F.v. Kaia Vangsnes, Hanna Tvilde og Viljar Tveit.

Ting å ta fatt i

Etter presentasjonen av undersøkinga, spurde vi tre elevrådsrepresentantar frå Kvinnherad vidaregåande skule om kva tal dei beit seg mest merke i. Hanna Tvilde (17) og Viljar Tveit (16) går begge på studiespesialiserande, og er begge heimehøyrande i Uskedalen, medan Kaia Vangsnes går på elektro og har adresse Teigen.

Dei synest tala verka reelle, også dei som gjaldt rusbruk.

– Det viser nok at dei tala som kom fram i avisene for ei tid sidan var overdrivne, meiner dei tre.

Når det gjeld mobbing har alle tre reagert på at ordet «homo» blir brukt som skjellsord av mange. Kaia, som går på den gutedominerte elektro vg1, er litt rysta over korleis ordet «homo» blir brukt. Viljar reagerer òg, men trur ikkje det er så gale som det høyrest ut:

– Eg trur ikkje ungdomar flest har særlege fordommar mot homoseksuelle, men ein tenkjer ikkje over korleis ein brukar ordet «homo», seier Viljar.

Dei tre tillitsvalde tenkjer at ordbruken er ubehageleg for dei som er homoseksuelle.

– Kva med dei relativt høge tala for uønskt seksuell merksemd blant unge på vidaregåande?

– Eg har ikkje opplevd det sjølv, men det er jo absolutt noko vi bør ta opp og jobba med i elevrådet og på skulen, seier Hanna.

– Men me må òg hugsa på at dette er statistikk, og at nær 20% ikkje deltok i undersøkingar, legg ho til.

– Er det andre tal de har bite dykk merke i?

– Ja, sjølv om tala for dei som ikkje har det så bra på skulen ikkje var så høge, kan dei tyda på det gjeld ein eller to i kvar klasse. Det er òg noko vi bør jobba for gjera noko med, meiner Viljar.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags