Arrangerer rusfri fest for ungdom på 16. mai

– Ungdommane er glade for at det finst arrangement som dette, så dei viser takksemd ved å oppføra seg, seier Fagerheim. Arrangørane har berre gode innrykk etter dei førre åra. F.v. Jan Ove Fagerheim, Rita Johansen og Geir Remme.

– Ungdommane er glade for at det finst arrangement som dette, så dei viser takksemd ved å oppføra seg, seier Fagerheim. Arrangørane har berre gode innrykk etter dei førre åra. F.v. Jan Ove Fagerheim, Rita Johansen og Geir Remme. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ungdomssenteret på Husnes og Nattcaféen går saman om å arrangera 16. mai-fest for unge på US. Her vert det servert pizza, og ungdommane kan delta på konkurransar med fine premiar.

– Vi synest det er viktig at ungdommane har eit rusfritt arrangement å gå til. Her har dei også ein gyldig grunn til å stå imot drikkepress.

Dette seier Geir Remme, Rita Johansen og Jan Ove Fagerheim, som står bak 16. mai-arrangementet.

– På 16. mai vil ikkje ungdommane berre ha ein vanleg kveld på ung-domssenteret. Dei ønskjer at det skal skje noko spesielt. Derfor gjer vi litt ekstra denne dagen, fortel Remme.

Stor premiepott

FAU ved Husnes ungdomsskule skal laga pizza, og det vert arrangert mange ulike konkurransar. Det skal vera song- og musikkonkurranse, dataspelkonkurranse i spelet Overwatch, og ungdommane kan også tevla i biljard, bordtennis og Buzz. Vinnarane får fine premiar, og også tilfeldige vinnarar vert trekte ut på inngangsloddet som ungdommane får gratis når dei kjem. Premiepotten er på heile 12.500 kroner.

Samarbeid

Dette er tredje året US har arrangement på 16. mai, og i år har dei gått saman med Nattcaféen.

– Vanlegvis har vi kvart vårt opplegg, men i år ville vi gå i lag. Slik slepp vi at ungdommane rek mellom dei to møtestadene. Akkurat på 16. mai kan det vere greitt å unngå, seier Fagerheim.

Nattcaféen er arrangert på kristent initiativ, men i år når dei går saman med US, skal arrangementet vere religiøst og politisk nøytralt.

– Vi vil at alle skal føla seg velkomne, seier Johansen.

Ungdom 13–18 år

Arrangementet er retta mot ungdom frå 13 til 18 år, men arrangørane understrekar at også 19–20-åringar som vanlegvis er innom, er velkomne.

– Det er nokre foreldre som bekymrar seg for at deira 13-åringar skal vera i lag med ungdommar på 18 år. Men her er så stort, og det er så mange rom, at dei naturleg deler seg opp og er på ulike stader, fortel Johansen.

Trygge rammer

Ungdomssenteret er opptekne av at arrangementet skal ha trygge rammer, og har kontakt og samarbeid med natteramnane, utekontakten og politiet.

Men arrangørane meiner også at det er viktig at foreldre ikkje brukar det rusfrie arrangementet som sovepute.

– Vi opplever at ungdommar fortel heime at dei skal vera her, men så går dei andre stader. Vi vil derfor oppmoda foreldre til å følgja med, og gjera avtalar med ungdommane sine.

Det går bussar til dei ulike bygdene i Kvinnherad når arrangementet er over.

Artikkeltags