Elevane overraska læraren sin med «babyshower»

Lærar Mari Teigen Varanes blei svært overraska og glad då ho kom inn i klasserommet der elevane hennar hadde laga til «babyshower». – Åh, så skjønne de er! Dette hadde eg aldri forventa! sa ho rørt.

Lærar Mari Teigen Varanes blei svært overraska og glad då ho kom inn i klasserommet der elevane hennar hadde laga til «babyshower». – Åh, så skjønne de er! Dette hadde eg aldri forventa! sa ho rørt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I går (torsdag) stelte elevane i 3. klasse på studiespesialiserande til babyfest for læraren sin, Mari Teigen Varanes.

DEL

Babyshower er ei feiring av eit komande barn, og det amerikanske fenomen er blitt meir og meir populært også i Norge. Torsdag ville elevane til KVV-lærar Mari Teigen Varanes overraska ho med ein fest i skuletida. Det var elev Ingvill Mikkelsen Rusten sin idé:

– Eg fann ut at vi burde gjera noko kjekt for Mari som skal ha barn i februar, og føreslo det for dei andre i klassen. Alle syntest det var ein god idé, så eg laga ei Facebook-gruppe der alle kom med idear til kva i kunne gjera for ho. Nokon har bakt kaker, og så har alle spytta i pengar til blomar og gåver. Vi har kjøpt babyklede og ein bamse. Mari er så god, både som lærar og person, så dette fortener ho!

Det var elev Ingvill Mikkelsen Rusten (t.v.) som kom på ideen med å laga til babyshower for lærar Mari Teigen Varanes (t.h.). – Ho er så god, så ho fortener ei slik overrasking, sa Ingvill.

Det var elev Ingvill Mikkelsen Rusten (t.v.) som kom på ideen med å laga til babyshower for lærar Mari Teigen Varanes (t.h.). – Ho er så god, så ho fortener ei slik overrasking, sa Ingvill. Foto:

Torsdag i midttimen pynta elevane eit klasserom med blå ballongar, og sette ut kaker, muffins, gåver og «bleiekake» (bleier sett saman så det ser ut som ei kake, jour. anm.) Då lærar Mari kom inn døra blei ho heilt sjokkert og veldig rørt:

– Åh, de er så skjønne! Herregud, dette hadde eg aldri forventa! Tusen, tusen takk! utbraut ho.

Etter gåveopninga var det musikk-quiz med barnesongar, og alle elevane fylte ut eit «tippeskjema» der dei skulle gjetta når babyen blir fødd, kor lang og tung den er, og om den vil likna mest på mor eller far.

For å lura Mari så ho ikkje skulle vita at noko var i gjerdet, hadde elevane på førehand sagt at dei skulle ha «klassens time».

– Eg er heilt mållaus, dette var utruleg rørande. Eg mistenkte ingenting, og det er fantastisk at dei har gjort noko så fint for meg, sa Mari til Kvinnheringen.

KVV babyshower

KVV babyshower Foto:

KVV babyshower

KVV babyshower Foto:

KVV babyshower

KVV babyshower Foto:

Artikkeltags