– Kvinnherad kommune sa ja til å ta imot desse gutane. Då er det vårt ansvar å ta hand om dei på best mogleg måte

Redaktør Tomas Bruvik stiller fleire spørsmål om prosessen rundt nedlegginga i dagens leiar. (Arkivfoto).

Redaktør Tomas Bruvik stiller fleire spørsmål om prosessen rundt nedlegginga i dagens leiar. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Det skriv redaktør Tomas Bruvik på leiarplass i dag.

DEL

EINSLEGE MINDREÅRIGE FLYKTNINGARI ei lengre sak i dag fortel vi om prosessen rundt vedtaket om å flytta 17 år gamle asylsøkjarar ut frå bufellesskapet sitt på Valen. Kvinnheringen har jobba i fire veker med saka, og konklusjonen vår er enkel og grei: Det har vore ein elendig prosess, sjølv om kommuneleiinga nok meiner noko heilt anna. Kvinnheringen har undervegs opplevd at det har vore vanskeleg å få ut informasjon om saka.

Rådmannen seier i sitt svar til Kvinnheringen at det er underleg at dei tilsette ikkje har kome med innspel til han, men gått ut i media. Vi undrar: Korleis skal dei tilsette gi innspel når dei ikkje får kjennskap til avgjerslene før dei er gjort?

Vi vil også setja ein spørsmålsteikn ved dei tillitsvalde si rolle i saka. Er dei ein reiskap for leiinga i kommunen, eller er skal dei ta vare på medlemene sine og deira syn i saka? Her er hovudstillitsvald totalt på kollisjonskurs med eigne medlemmer, og har heller ikkje snakka med dei det gjeld for å finna ut kva dei meiner. Hovudtillitsvald har teke vare på jobbane til dei tilsette i kommunen, og bra er det, men ikkje på noko tidspunkt ser det ut som det er diskutert kva medlemmene meiner. Burde ikkje hovudtillitsvald vore i dialog medlemmene sine og jobba for det dei meiner er riktig?

Vi må òg stilla spørsmål om det er smart at dei tillitsvalte og øvste leiinga i kommunen har kontor tett på kvarandre i rådhuset. Der møtest dei ved lunsj, der pratar dei saman, der tek dei seg kanskje ein røyk i lag. Dermed blir forholdet veldig tett mellom leiinga og tillitsvalde, medan ein kanskje fjernar seg frå dei ein er der for, medlemmene på «golvet».

Slik vi ser det er vedtaket om å flytta ut gutane fatta eine og åleine av økonomiske grunnar. Då må ein òg kunna seia at det er slik det heng saman.

I ei slik sak er det etter vår meining tre partar som er dei første ein må ha dialog med, før ein fattar noko som helst vedtak: Dei tilsette, verjene til gutane og gutane sjølve. Det er dei som er tett på og dei det gjeld, og dei er ikkje blitt høyrde. Har det då vore ein god prosess? Og er det rett at tillitsvalde må vera lojale mot kommuneleiinga når eit vedtak er fatta? Skal ikkje dei kjempa for dei tilsette?

Hadde gutane, dei tilsette og verjene vore høyrde, ville kanskje vedtaket vore eit anna. Om ein hadde blitt ståande med same vedtaket, hadde i alle fall alle blitt høyrde, og ein kunne ha grunngjeve saka.

Ein kan drøfta asylpolitikk, integrering og pengar opp og ned og i mente. Fakta er at Kvinnherad kommune sa ja til å ta imot desse unge gutane. Når ein først har gjort det, så er det vårt ansvar å ta hand om dei på ein best mogleg måte. Vi må vera klare over at dette ikkje er gutar som kjem frå norske A4-familiar. Det er unge gutar som er på veg til å bli menn. Gutar som ikkje har noko nettverk rundt seg, ingen familie, rett og slett ingen. Dei kan heller ikkje språket spesielt godt, og kan lite om det norske samfunnet. Dette er ungdommar vi ønskjer skal bli integrerte i samfunnet og bli gode norske borgarar. Gutar som verkeleg treng hjelp og ei hand å halda i. Då er det éin ting som tel: Kva er det beste for dei? I denne saka kan vi ikkje sjå at dette er noko som har vore diskutert. Og aller verst: Noko som helst ikkje skal diskuterast. Etter vår meining bør ikkje Kvinnherad seia ja til å ta i mot flyktningar eller unge einslege asylsøkjarar, når det er denne måten vi behandlar dei på.

Vi vil gi ros til dei tilsette i kommunen som vågar å ropa ut og tala gutane si sak – det er det få andre som kan gjera.

Politikarane i Kvinnherad har gitt store fullmakter til rådmannen, men det er òg sagt at viktige prinsipielle saker skal opp til politisk handtering. Dette er etter vår meining klart og tydeleg ei prinsipiell sak som politikarane burde diskutert og teke hand om. Vi oppmodar på det sterkaste ordføraren om å venta med å senda gutane ut på hyblar, og ta saka opp til politisk handsaming. Det fortener gutane!

Les også:

Stor usemje om prosessen rundt nedlegging av bufellesskap for einslege, mindreårige flyktningar

Hovudtillitsvald Vibeke Fredheim: – Prosessen har vore etter regelverket

Rådmann Odd Ivar Øvregård: – I tråd med kommunestyret sitt vedtak

Skjerming eller ytringsfridom?

Hege Lægreid Røssland (SF) stiller ei rekkje spørsmål om prosessen

Ordførar Peder Sjo Slettebø: – I utgangspunktet inga politisk sak

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags