Pris og 10.000 kroner til GRL PWR sitt nye prosjekt

F.v. Cheyenne M. Rørvik, Victoria Joleik, Ragnhild Hauge og Iris J. M. Quam var i Kristiansand og tok imot prisen laurdag. (Foto: Rita Johansen).

F.v. Cheyenne M. Rørvik, Victoria Joleik, Ragnhild Hauge og Iris J. M. Quam var i Kristiansand og tok imot prisen laurdag. (Foto: Rita Johansen).

Laurdag tok jentegruppa GRL PWR imot Lions 104E6 sin Ungdomspris og ein sjekk på 10.000 kroner.

DEL


Som Kvinnheringen skreiv om for nokre veker sidan, har jentegruppa GRL PWR nye medlemmar og eit nytt prosjekt om unge og rus.

Lions Kvinnherad var så imponerte over ungdommane sitt prosjekt at dei nominerte GRL PWR til distriktet sin Ungdomspris, og i dag laurdag fekk jentegruppa prisen og ein sjekk på 10.000 kroner av Lions distrikt 104E6.

Utdelinga skjedde i Kristiansand.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags