10. klasse på Hatlestrand skule set gløymde kriser i søkjelyset

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

– Kvart år døyr titusenar av kvinner grunna utrygg abort.

– I Pakistan herjar den livstrugande sjukdomen Hepatitt C.

– Halvparten av folket i Den sentralafrikanske republikk er avhengig av nødhjelp.

Visste du dette?

Viss svaret er nei er du i godt selskap. Dei tre nemnde krisene er definerte som «gløymde kriser» av Leger Uten Grenser. Tiandeklassen på Hatlestrand skule vil gjera noko med det og har derfor takka ja til organisasjonen sitt opplegg for skulane. Det går ut på bevisstgjering og informasjon. Torsdag 16. november inviterer elevane til eit ope arrangement der søkjelyset vert sett på desse krisene. Men før den tid har elevane i tiande jobba mange veker med førebuinga. Dei er inndelte i tre temagrupper og jobbar med å setja seg inn i problemstillingane og førebu presentasjonen på det opne arrangementet. Her blir det utstillingar, munnleg informasjon, in-formasjonsvideoar, enkel servering og høve til å gi nokre kroner til Leger Uten Grenser.

Som ein del av førebuinga til det opne arrangementet får klassen 9. november besøk av ein representant for organisasjonen.

Mor døyr

Elevane har funne ut at halvparten av alle abortane i verda er utrygge, det vil seia utførte av ufaglærte. Faktisk døyr ei mor kvar tiande minutt av dette, ifølgje kunnskapen elevane sit inne med etter å ha jobba ei stund med saka.

– For å gjera noko med problemet er det ein føresetnad at folk veit om det. Derfor er målet vårt først og fremst å spreia informasjon, seier elev Ingeborg Hove Eide.

Ho og dei andre i abort-gruppa kan fortelja at dødsfall i samband med abort er mest utbreidd i land som har totalforbod mot slike inngrep.

– Det bør jobbast med både å få fjerna totalforbodet og å utvikla eit trygt helsevesen i desse landa, slår Ingeborg fast.

Stygg leversjukdom

Hepatitt C er ein virussjukdom som gir betennelse i levera. Utan behandling kan sjukdomen vera dødeleg. Problemet er at medisinen er dyr og derfor utilgjengeleg. Pakistan er spesielt sterkt råka av det ublide fenomenet med Hepatitt C. Så mykje som 8 millionar menneske er angripne av viruset, men dei fleste veit ikkje om det, skal vi tru elev Henrik Tholo Aasen og Leger Uten Grenser.

– Heile 80 prosent av dei ramme er ikkje klare over at dei har sjukdomen, fortel Henrik.

– Har du tankar om kva ein kan gjera med problemet?

– Å spreia informasjon både til folket i Pakistan og verda ikring er ein god start. Det bør òg jobbast med å skaffa landet medisin, meiner Henrik.

Denne temagruppa har laga ein informasjonsvideo som vil bli vist på arrangementet 16. november.

Dobbel krise

Innlandsrepublikken Den sentralafrikanske republikk er ramma både av konfliktar og helsekrise. Over 60 prosent lever under fattigdomsgrensa og svært mange har ikkje råd til å oppsøkja lege eller helsehjelp. Det er òg mangel på offentlege helsetilbod over heile landet, unntatt i hovudstaden Bangui. Den voldelege konflikten blussar opp igjen, samtidig som nesten halvparten av innbyggjarane er avhengige av nødhjelp for å overleva. Hiv/aids er den mest vanlege dødsårsaka. Malaria tek også mange liv.

– Det er forferdelege tilstandar i landet, men nesten ingen utanfor veit om det, hevdar elev Anna Bjørkeland frå temagruppa som har studert nærare på tilhøva, og som har forstått at her gjeld det å spreia informasjon for å koma vidare.

Også denne gruppa har laga informasjonsvideo.

– Har du lært mykje, Anna?

– Utruleg mykje. Det har vore ein del arbeid, men vi har fått mykje tilbake. Før vi begynte med prosjektet visste eg ikkje eingong at Den sentralafrikanske republikk fanst, vedgår ho.

Elevane i dei andre gruppene har også fått auga opp for mangt dei ikkje visste om frå før.

– Ei god idé. Opplegget er både interessant og lærerikt, meiner Henrik.

– Både vi elevane og andre vil bli langt meir bevisste gjennom Leger Uten Grenser sitt opplegg, legg Madelene Svåsand Hauge til.

Ingeborg håpar at så mange som mogleg møter opp på skulen den 16. november på kveldstid.

– Det handlar om noko som verkeleg betyr noko denne gongen. Og hugs at jo fleire som veit, jo færre døyr.

Artikkeltags