«Ein høgskule vil vera stimulerande for heile kommunen, spesielt innanfor næringslivet»

Av
DEL

MEININGARNei, me har ikkje høgskule i Kvinnherad. Det ville vel vore heilt urealistisk å få til. Ikkje sant?

Dersom du ser på kva kommunen har å tilby, så vil du finna eit mangfald av framtidsretta næringsliv, og ein unik geografi. For me i Kvinnherad er den 13. største vasskraftkommunen i Norge. Med stor satsing på grøn energi og kompetanse innfor området, er Kvinnherad ideell for klimarelaterte linjer. Men kor stort er satsingsområdet på desse linjene?

For å seia det sånn, så finst det både mastergrad i «Climate Change Management», og bachelorgrad i til dømes «Fornybar energi». Dette er eit skifte som kjem, og Kvinnherad kan ta del i dette.

Men eit område er fortsatt ikkje nok til å etablera ein høgskule. Det Kvinnherad har, er mykje meir enn det. Som ein av dei store havbrukskommunane, er framtida lys ettersom det trengs meir satsing på kompetanse om marinebiologi. Med unike reisemål som Halsnøy kloster, Baroniet Rosendal og ein fantastisk natur, vil det vera gunstig å etablera reiselivslinje her. Samstundes blir noko av den reinaste aluminiumen i verda laga her i kommunen. Kompetanse innanfor dette vil òg bli ettertrakta.

Tidlegare har det blitt etablert høgskular basert på mykje mindre enn dette. Det har nok vore ein grundig prosess på førehand, men grunnlaget i Kvinnherad er vel så bra. Ettersom høgskular nokon gonger er plasserte på plassar der det rett og slett trengst befolkningsvekst, kva gjer Kvinnherad til eit unntak?

Ein høgskule vil vera stimulerande for heile kommunen, spesielt innanfor næringslivet. Det kjem ikkje berre fleire folk som skal ha seg bustad, handla og nytta tilboda me har, men også viktig kompetanse til næringslivet. Det vil òg vera interessant å ha samarbeid på tvers av næringslivet og høgskulen, og me kan sjå mange spennande prosjekt.

Kanskje er det mogleg å få ein høgskule i Kvinnherad. Me i Kvinnherad Unge Høgre kjem i alle fall til å kjempa for det. Men det er ein tidkrevjande prosess, og vil ligga langt inn i framtida. Me treng noko til dess.

Difor vil me i tillegg arbeida for å sikra og helst vidareutvikla det fantastiske tilbodet Kvinnherad Næringsservice har gjennom Studiesenteret. Dette gjer allereie at fleire unge kan bli lengre heime i kommunen, og at etablerte personar kan vidareutdanna seg utan å flytta.

Me veit at å få ein høgskule til Kvinnherad er eit ambisiøst prosjekt, men det er ikkje umogleg. Difor er det viktig at fleire engasjerer seg for denne saka, slik at me kan gjera draumen vår til ein realitet.

Joar Dale Landa,

Kvinnherad Unge Høgre

Signe Torill Skogseth,

3. kandidat Kvinnherad Høgre

Stig Rusten,

13. kandidat Kvinnherad Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags