No er juleturneringa i volleyball i gang på KVV

Ved KVV er det også i år juleturnering i volleyball. Her frå første dagen av turneringa, på tysdag.

Ved KVV er det også i år juleturnering i volleyball. Her frå første dagen av turneringa, på tysdag.

DEL

Elevane (og somme lærarar) ved KVV starta denne veka opp med årets juleturnering i volleyball i Husneshallen. I år som i fjor er dette ein kjekk førjulssyssel for KVV-elevane.

– Vi hadde lyst til å ha turnering i år igjen, fordi det var så kjekt i fjor, og fordi det ikkje er så mykje anna som skjer ved skulen i midttimane, seier Susann Haga, ansvarleg for turneringa.

Turneringa skal gå over 14 dagar, og spelast på tysdagar og onsdagar. 19. desember står finalen for tur, med heider og premie til vinnarlaget.

– Vi er 15 lag med i turneringa, og også nokre lærarar er med. Vi prøvar òg få litt gruppespel slik at alle får spela så mykje som mogleg, seier Haga.

– Er det travelt å ha ansvaret for dette?

– Ja, det er litt travelt å halda styr på alt, og litt arbeid med å setja opp nett og sånne ting, men eg har god hjelp, sluttar ho. 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags