– No stressar vi litt

KLARE FOR LAMBASLEPPET: Lasse Digranes og Brede Grønningen Jr. utgjer den elektroniske duoen TwoFace, som skal delta på Lambasleppet torsdag kveld. No held dei på med siste innspurt før dei skal på scena for fyrste gong. – Vi trur vi har gode sjansar til å nå langt, då vi lagar ein type musikk som er veldig populær no for tida, seier dei to.
 

KLARE FOR LAMBASLEPPET: Lasse Digranes og Brede Grønningen Jr. utgjer den elektroniske duoen TwoFace, som skal delta på Lambasleppet torsdag kveld. No held dei på med siste innspurt før dei skal på scena for fyrste gong. – Vi trur vi har gode sjansar til å nå langt, då vi lagar ein type musikk som er veldig populær no for tida, seier dei to.  

Artikkelen er over 2 år gammel

Det er under ei veke til dei skal stå på scena for fyrste gong, og duoen TwoFace har nokre hektiske dagar føre seg. Sjølv om musikken vert skapt elektronisk er det langt ifrå noko enkel sak.

DEL

– Eg gler meg! Noko av det som motiverer oss mest til å driva med dette er å sjå korleis dei store namna spelar musikken sin framfor store folkemengder. Sjølv om det er mykje mindre skala så blir det kjekt å få spela musikken sin for publikum, seier Brede Grønningen Jr.

– Det er jo fyrste gongen vi opptrer og vi er dei einaste produsentane/DJ-ane som er med, så det blir jo spennande å sjå korleis publikum reagerer på musikken, seier Lasse Digranes.

Dei to utgjer duoen TwoFace, som produserar elektronisk dansemusikk – såkalla EDM blant vener – som let seg inspirera av Chainsmokers, Martin Garrix, Galantis og fleire. Duoen møtest heime hos Brede på Husnes, kor guterommet er ombygd til studio. Men der mange andre artistar sit omkransa av eit hopetal instrument er det berre ein gitar og eit keyboard å finna, og i ein heimesnikra kasse, som skal halde støyen ute, spelar dei inn vokalar.

– Vi har nettopp spelt inn vokalen på ein ny song og jobbar med å gjera den ferdig til Lambasleppet. Det er ikkje så lenge igjen, så no stressar vi litt, fortel dei to.

Garrix bringa dei saman

Lat oss spola litt tilbake i tid, nærare bestemt til ein sydentur for rundt eitt år sidan. Det var nemleg då duoen fann saman.

– Vi sat ein gjeng i ein leileghet og høyrde på musikk, og Lasse sette på Martin Garrix. Han er veldig kjent no, men den gongen var det ikkje veldig populær festmusikk slik som han lagar no. Då byrja vi å snakka saman om denne typen musikk, fortel Brede.

– Då kom vi fram til at vi begge hadde eit musikkprogram og fant ut at vi kunne slå oss saman for å læra oss meir om programmet. Og her sit vi eitt år seinare, seier Lasse.

På slutten av sommaren i fjor kom dei ut med sin aller fyrste song, som heitte «Flow». Her nytta dei seg berre av dei lydane som var inkludert i dataprogrammet, men dei fann fort ut at dei måtte inkludere vokalistar i songane framover. Då var det berre til å hanke inn lokale røyster.

– Den fyrste songen vi laga synest vi vart ganske bra. Men vi såg at alle dei som verkeleg slo igjennom hadde vokalistar med på songane og då bestemte vi oss for å gjera det same, seier Brede.

Lokale vokalistar

På songen «My Fire» var det Kjerstin Guddal Jansson frå Seimsfoss som tok seg av vokalen, medan halsnøyjenta Ingeborg Tofte Grønseth stilte med ei strålande stemme på den rykande ferske songen dei no legg finpussen på.

– Vi veit at det er utruleg mange som er svært flinke til å syngja i kommunen, og ville bruka desse i songane våre. Mange av dei likar kanskje ikkje å syngja framfor folkemengder, men då kan dei få vist seg fram gjennom songane våre, seier Brede.

Han og Lasse skriv tekstane til songane sjølve, før dei då hentar inn ekspertisen til å syngja det for seg.

– I starten så prøvde vi med Brede på vokal, men det funka ikkje, seier Lasse.

– Mamma syntest eg var flink då!

Mykje er elektronisk

Dei tenkte tidleg at dei ville delta på Lambasleppet, noko dei skildrar som eit svært godt tiltak for lokale band. Her skal dei saman med dei seks andre banda spela tre songar og tevla om dei gjeve premiane; musikkstipendet på 50.000 kroner, innspeling i studio og spelejobben på festivalen «100 Dagar» på Stord. Vinnaren vert kåra av bransjefolk.

– Eg trur vi har gode sjansar til å nå langt, då vi lagar ein type musikk som er veldig populær no for tida. Men det er vanskeleg å seia sidan den òg er ganske annleis enn dei andre som er med, seier Brede.

– Men svært mykje av musikken som vert laga no for tida vert laga elektronisk, utan at det høyrest slik ut. Måten vi framfører musikken på er annleis enn kva folk er vande med, og den treff kanskje best hos den yngre generasjonen, legg Lasse til.

– Sjølv om vi ikkje vinn så har vi likevel vunne på eit vis, fordi vi får vist fram musikken vår og treft folk i bransjen. Vi kjem til å læra mykje, sluttar dei to.

Vil du høyra TwoFace sin musikk ligg den på Spotify og andre strøymetenester.

Artikkeltags