Tysdag var Mhodzi Marimba i elden i landsfinalen i UKM i Trondheim

Tysdag spelte Mhodzi Marimba i Olavshallen i Trondheim under landsfinalen i UKM. (Foto: Irene Risan).

Tysdag spelte Mhodzi Marimba i Olavshallen i Trondheim under landsfinalen i UKM. (Foto: Irene Risan).

Dei dyktige unge marimba-musikantane representerte Kvinnherad og Vestlandet i UKM sin landsfinale denne veka.

DEL

Mhodzi Marimba gjekk som kjent vidare frå fylkesfinalen i UKM, og tysdag denne veka fekk dei opptre på scena i Olavshallen i Trondheim under landsfinalen. Det var stor stas.

Marimba-bandet består av Anna Skogseth (16), Kaia Helland Holmedal (16), Odin Aksnes (16), Ole Vasslid (16) og Solveig Takvam Dale (16). Dei begynte å spela saman i 2016 og blei den første marimbagruppa i Kvinnherad, under leiing av kulturskulelærar Maurício Weimar. Siden den gongen har dei spelt sine energiske og eksotiske rytmar over land og strand, blant anna under De unges festspillforestilling i Grieghallen i Bergen, samt på internasjonale marimba-campar i Sverige og England. I år har dei òg gitt ut eigen CD med 13 låtar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags