No blir det fart på musikkjellar-planane i ungdomssenteret

Desse blei valde inn i styret for musikkverkstaden til Kvinnherad Ungdomssenter. Framme f.v.: Aila Kordo og Malin Olderkjær. Bak f.v.: Oskar Kaldestad, Geir Ingvard Remme, Joar Berg og 
Joar Landa. (Foto: Kristina Titternes).

Desse blei valde inn i styret for musikkverkstaden til Kvinnherad Ungdomssenter. Framme f.v.: Aila Kordo og Malin Olderkjær. Bak f.v.: Oskar Kaldestad, Geir Ingvard Remme, Joar Berg og Joar Landa. (Foto: Kristina Titternes).

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Kvinnherad Ungdomssenter har no fått heilt nytt styre som skal jobba vidare med drifta av musikkjellaren og innkjøp av meir utstyr.

Ungdomsleiarane på senteret inviterte alle brukarane av musikkverkstaden til idédugnad for vel to veker sidan. Totalt vert det no kjøpt inn utstyr for 130.000 kroner til musikkverkstaden på Husnes, som er gåver frå Sparebank1-stiftinga og innsamla midlar via Bygger’n Teigen. Musikkverkstaden vil i tillegg få eit årleg tilskot på 10.000 kroner frå dei frie midlane til ungdomsssenteret.

Drifta av musikkverkstaden er det ungdommane som skal ta seg av, det same gjeld vidare utvikling av lokale og meir innkjøp av utstyr. På eit allmannamøte på ungdomssenteret 13. september blei det valt nytt styre for musikkverkstaden: Oskar Kaldestad, Aila Kordo, Malin Olderkjær, Joar Berg, Geir Ingvard Remme og Joar Landa.

Ungdomssenteret har hatt musikkverkstad sidan 1999, og i periodar har det vore svært høg aktivitet der. Målet er at ungdommane sjølve skal ta det daglege ansvaret for drifta av utstyr og lokale, i tett samarbeid med ungdomsleiarane. Dette er prøvd ut før, med gode resultat. Det er nulltoleranse for hærverk og rusing, noko som er heilt avgjerande om musikkverkstaden skal nyttast utanom opningstida i framtida. No når ungdomssenteret berre er ope fire kveldar i veka, har ikkje ungdomsleiarane kapasitet til å berre la musikarane nytta musikkverkstaden på klubbkveldane, då det i periodar også er diskotek i dei same lokala.

Artikkeltags