Tøffe elevar hoppa i havet

34 elevar og to lærarar ved Øyatun skule på Halsnøy hoppa i sjøen og tok eit vinterbad. Her ser du nokre av dei plaska i det iskalde vatnet.

34 elevar og to lærarar ved Øyatun skule på Halsnøy hoppa i sjøen og tok eit vinterbad. Her ser du nokre av dei plaska i det iskalde vatnet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Elevane ved Øyatun ungdomskule er ikkje som andre ungdomskuleelevar. Fredag hoppa dei i havet - temperaturen i vatnet var fem grader!

DEL

– Trur ikkje det er nokon andre ungdomskular i Kvinnherad som har så tøffe elevar som oss på Øyatun. Dette skal bli gøy, vi gler oss, seier Markus Fjelland Håvik til Kvinnheringen.

Nokre sekund seinare ljomar det av ville hyl som kan høyrast over store delar av Sæbøvik. Ute i sjøen ved kaien til samfunnshuset ligg det 34 elevar, alle med friluft som valfag, og plaskar i den fem grader varme sjøen.

– Er det kaldt?

– Ja, er svaret vi får frå dei hutrande ungdomane.

Lærar Bård Øvsthus og Johannes Heien plaskar saman med elevane.

– Poenget med dette er at elevane skal læra at berre ein kler seg godt med ull og har nokolunde vasstett tøy utanpå, kan ein halde varmen i sjøen sjølv om den er kald, seier Øvsthus.

Han vil innføra denne vinterbadinga som ein fast tradisjon føre kvar jul i åra framover.

Artikkeltags