I fjor sommar lokka Kvinnheringen ungdommane Sander Dolonen Brækken og Miriam Hasan med på eit eksperiment: Å vera utan sosiale medium i éi veke. Reportasjen vann nyleg prisen «Årets lokalavisside» under Landslaget for Lokalaviser sitt landsmøte i Haugesund, og derfor ville Kvinnheringen gi noko tilbake til dei tøffe ungdommane som stilte opp på reportasjen. Onsdag troppa dermed ein gjeng frå avisa opp med pølser i brød til heile 10. trinn på Husnes ungdomsskule. Miriam og Sander fekk i tillegg kvart sitt store påskeegg med snop, og små gåver med Kvinnheringen-logo på.

– Det er veldig kjekt for oss å vinna prisar og å få anerkjenning for det vi gjer, men no hadde vi lyst til å gi litt tilbake til dei som stiller opp for oss. Utan sporty intervjuobjekt, som Miriam og Sander var i dette tilfellet, hadde vi ikkje kunna laga gode reportasjar og saker, seier redaktør Tomas Bruvik.