Tankevekkande erfaringar frå ungdom

Jentegruppa GRL PWR har fått ærlege, og nokre ganske oppsiktsvekkande, svar frå ungdommar om rus.

DEL

Tysdag hadde GRL PWR eit ope arrangement om rus og ungdom. Det var synd at ikkje fleire unge fekk det med seg. Rundt 60 møtte opp i kinosalen på Husnes for å få meir informasjon om unge og rus. Det var ein god miks av vaksne og unge, men her burde det vore mange fleire frå sistnemnde aldersgruppe. Noko av forklaringa kan ha vore at niandeklassingane denne kvelden var opptekne med å gå med bøsser for Kirkens Nødhjelp. Likevel blei arrangementet til GRL PWR ein tankevekkande og lærerik seanse for dei som var der. Jentegruppa har som kjent eit nytt prosjekt på gang, som gjeld ungdommar og rus. Dei viste ein film dei har laga, der dei har snakka med ungdommar rundt om kring i kommunen, og stilt dei spørsmål om rus. Ungdommane var anonymiserte, og innimellom filmklippa kunne ein lesa sterke sitat frå ungdommar, foreldre og helsevesen som fortalde om opplevingar knytt til rus. «Har vore rusa på skulen mange gonger, spesielt på måndagar for då har eg så fylleangst» hadde ein gut på 18 år fortald GRL PWR.

Langt frå ufarleg

Med seg i kinosalen hadde jentegruppa fått lege Jan Helge Dalland, som hadde eit føredrag om ulike rusmiddel og symptom ein kan sjå etter.

– Eg kjente igjen alt som blei sagt i filmen, og har høyrt og sett det same gjennom min praksis som lege i mange år, fortalde han.

Han snakka spesielt om kor farleg syntetisk cannabis er, som er svært ulik den tradisjonelle cannabisen. Mange unge ser på hasj eller cannabis som ufarleg, men sanninga er at syntetisk cannabis har ukjent styrke og eit høgare innhald av det farlege stoffet THC, fortalde han.

Dalland var òg bekymra for GHB, som er lukt- og smakfritt og som lett kan puttast i drinken til nokon utan at vedkommande ser det.

– Det finst inga motgift. Det luraste du gjer om du mistenkjer at nokon du kjenner er i fare, er å ringa 113 før det er for seint. Då får du råd frå helsepersonell som har teieplikt.

Tøffe jenter

Hogne Kvistad Gjuvsland, trafikklærar og ein av initiativtakarane bak GRL PWR og prosjektet, fortalde om rus i trafikken.

– Kvar dag skjer 140.000 bilturar i rus, der førarane er rusa på alt frå alkohol til narkotika og medikament. Ungdommar er overrepresentert i ulukker. Holdninga blant fleire unge er at det å røyka hasj berre får deg til å slappa av, og mange trur det er ufarleg.

Gjuvsland rosa elles jentene i GRL PWR, som vågar å stå i bresjen for det nokon meiner er «prektige» haldningar, spesielt i den alderen dei er i.

Agnar Melkersen, leiar i Lions Kvinnherad som nett gav GRL PWR 10.000 kroner i støtte, rosa òg jentene frå scena, og sa at dei hadde organisasjonen i ryggen i arbeidet framover. Foreldra til jentegruppa delte òg ut blomar og takka ungdomsleiar Rita Johansen, trafikklærar Gjuvsland og lege Dalland for alt dei har gjort for GRL PWR.

Etter seansen i kinosalen hadde jentene laga til kafé med kaker og kaffi på ungdomssenteret. Der var også politiet til stades slik at dei som ville kunne stilla spørsmål.

– Vi er alt i alt veldig nøgde med kvelden. Vi var redd det ikkje skulla komma nokon, men så kom det ein heil del likevel. Prosjektet har vore veldig spennande for oss, og meir er i vente, sa GRL PWR til Kvinnheringen.

Artikkeltags