– Er rykta om mykje rus blant unge sanne?

Jentegruppa GRL PWR har nytt prosjekt som handlar om rus, og nokre nye medlemmar. F.v.: Victoria Joleik (15), Iris J. M. Quam (17) og Ragnhild Hauge (15). Cheyenne M. Rørvik er framleis med i gruppa, men ikkje med på bildet.

Jentegruppa GRL PWR har nytt prosjekt som handlar om rus, og nokre nye medlemmar. F.v.: Victoria Joleik (15), Iris J. M. Quam (17) og Ragnhild Hauge (15). Cheyenne M. Rørvik er framleis med i gruppa, men ikkje med på bildet.

Jentegruppa «GRL PWR» lanserer no eit nytt prosjekt om rus, og har blant anna intervjua andre ungdommar på film. Resultatet kan du sjå på eit arrangement 9. april, og dei trur svara dei har fått vil overraska mange.

DEL

Dei fleste fekk truleg med seg GRL PWR sitt trafikk-prosjekt i fjor, der dei ønskte å setja fokus på og endra haldningar blant unge i trafikken. Prosjektet var ein stor suksess, og i tillegg til å få mykje økonomisk støtte vann gruppa Hordaland fylkeskommune sin trafikksikringspris.

No har gruppa nye medlemmar og eit nytt prosjekt som dei kunne avsløra på ein pressekonferanse førre veke. Denne gongen er fokuset på rus blant unge, med tittelen «Tør du å bry deg?». Dei starta etter nyttår, og skal først ha eit kveldsarrangement på Husnes 9. april. I prosjektet samarbeidar GRL PWR med fleire andre etatar, organisasjonar og fagpersonar.

– Vi ville finna ut om rykta som har versert om at mange unge i kommunen rusar seg, er sanne. Det har vore utruleg spennande og lærerikt å jobba med dette, fortel Iris J. M. Quam (17) utan å avsløra for mykje.

Film og kafé

Arrangementet den 9. april blir todelt. Først skal GRL PWR visa ein film dei no jobbar med, før Lions Kvinnherad vil fortelja om sitt arbeid mot narkotika. Lege Jan Helge Dalland har jobba som fastlege i Kvinnherad i 16-17 år, og jobbar no på tryggleiks- og psykose-posten på Valen sjukehus. Han spesialiserer seg for tida i barne- og ungdomspsykiatri, og er svært engasjert i temaet jentene no tar for seg. I kinosalen vil han fortelja om symptom og effektane ulike rusmiddel kan ha.

– I jobben min har eg sett utruleg mange ungdommar som har hamna borti rus, blant anna som lege på Tysnesfest dei siste ti åra. Rus kan påverka psyken til unge, og kan koplast til angst, depresjon og andre psykiske problem. I tillegg er det å bestilla narkotika frå jente- eller guterommet utruleg enkelt i dag via sosiale medium. Eg synest derfor det er veldig bra at ungdommane tar tak i temaet og har regien på eit slikt prosjekt. Det har mykje større effekt enn når vi vaksne seier noko, seier Dalland.

Trafikklærar Hogne K. Gjuvsland, som på mange måtar sette i gang GRL PWR-prosjektet, er også oppteken av det nye temaet jentene har tatt tak i.

– Haldningane til mange unge i dag er at dei ufarleggjer nokre typar narkotika. Eg har sett døme på ungdommar som til dømes skal ta mopedlappen og som ikkje ser problemet med å røyka litt hasj. Dei meiner vi i trafikkskulen ikkje skal legga oss opp i kva dei driv med. Realiteten er at det kan vera svært farleg i trafikken.

Etter seansen i kinosalen blir det kafé på Husnes ungdomssenter, som skal vera ein «chille»-arena med rom for diskusjonar og spørsmål. Der vil i tillegg SLT-koordinator, politiet, Ungdomslosane og Utekontaktane vera til stades. Grunnen til at ein vel å ha ein kafé etterpå, er at ein trur det er meir uformelt og mindre skummelt enn til dømes spørsmålsrunde i kinosalen.

Overraskande svar

Filmen GRL PWR jobbar med inneheld intervju av mellom 20 og 30 ungdommar frå heile kommunen. Alle ungdommane, som går på ungdomsskule eller vidaregåande, har fått dei same tre spørsmåla om rus.

– Nokre av svara vi har fått var litt overraskande, seier Ragnhild Hauge (15).

Jentene i GRL PWR har brukt mykje fritid på å laga filmen, og har brukt mobilen til å filma med. Produksjonen kostar dermed mindre enn førre film som blei laga i samband med trafikkprosjektet, men dei trur den vil vera minst like effektiv. Ungdommane som uttalar seg vil bli sladda, og stemma deira forvrengt, slik at dei kjenner seg trygge i forhold til det dei fortel på film.

– Det var litt rart i starten, å skulla intervjua andre unge om eit slikt tema, men det gjekk fint. Ingen var negative til å stilla opp, og mange hadde høyrt om GRL PWR og fått med seg den rosa bilen som er blitt merkevaren vår, fortel Quam.

Spennande planar

GRL PWR håpar mange tar turen til arrangementet deira 9. april, som er ope for alle. Og dei har mange andre planar framover, og vil vera synlege i ulike samanhengar.

– Vi skal blant anna gjera noko som er unikt i landssamanheng. Vi er dei einaste som har fått tillating til det, seier Gjuvsland løyndomsfullt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags