– Ingen narkotika på Sunde!

Artikkelen er over 2 år gammel

I november 1980 tok Audun Bjelland med fleire eit oppgjer med Kvinnheringen for å ha fare med usanningar om Sunde-ungdomen.

DEL

FRÅ ARKIVET TIL KVINNHERINGENI Kvinnheringen held vi fram med å mora oss med gamle arkivsaker. I dag har vi funne fram til ei avissak frå måndag 10. november 1980, der tre ungdomar frå Sunde refsar avisa. Bakgrunnen var at Kvinnheringen i eit tidlegare nummer skulle ha antyda at narkotika var i omløp blant unge på Sunde. Akkurat det kunne ikkje Audun Bjelland, Ann-Karin Bekvik og Tove Kaldestad la stå uimotsagt.

– Vi var tidleg i tenåra og kjende svært godt til ungdomsmiljøet i bygda. At ingen brukte narkotika var vi sikre på, derfor måtte vi berre seia frå, seier Bjelland i dag.

Vidare fortel han at dei den gongen søkte råd hos lege Terje Vevatne når det galdt taklinga av det dei meinte var eit avisoppslag utan dekning. Vevatne rådde ungdomane til å ta det opp med avisa – noko dei altså gjorde.

Den dag i dag hugsar han godt at desse ungdomane kjende seg både råka og uglesette, og det heilt utan grunn.

– Vi var noko rocka, gjekk gjerne i skinnjakker og såg litt tøffe ut, men narkotika bala vi ikkje med. Det skulle vi ikkje ha hengande på oss! seier han med eit snev av den same indignasjonen som for 37 år sidan.

– Korleis kunne de vera så sikre på at Sunde var narkotikafri?

– Vi var heilt sikre på at det ikkje vart brukt narkotika blant unge på vår alder. Men no etterpå ser eg at vi sjølvsagt ikkje kunne slå det same heilt fast når det galdt dei som var litt eldre enn oss. Vi som var +/- 14 såg ikkje på dei som hadde bikka 20 og vel så det som ungdomar. Uttalane vi kom med galdt derfor først og fremst vår eiga aldersgruppe. Når det er sagt, trur eg likevel ikkje at narkotika florerte blant dei som var eldre enn oss heller.

– Dermed står du framleis fast på kritikken av avisa frå 1980?

– Eg får vel seia at eg gjer det, ja, avsluttar Audun Bjelland, som i dag er rektor for ungdomane på KVV.

Artikkeltags