Denne tøffe jentegjengen lagar eigen trafikk-kampanje

Jentegjengen på fem, som kallar seg «GRL PWR», vil visa gutar at dei ikkje har einerett på vegen, og at det faktisk går an å køyra ansvarleg OG ha det moro samtidig.
Publisert

Spennande prosjekt på Kvinnherad US:I starten av februar gav Kvinnheringen ut ei eiga tema-avis om trafikkulukker og farleg åtferd på vegane våre, kalla «Vi har ingen fleire å mista». Då hadde vi blant anna ei sak om køyrelærar Hogne Kvistad Gjuvsland i Husnes Trafikkskule, som besøkte på Kvinnherad Ungdomssenter på Husnes og ønskte seg ein trafikk-kampanje av og for ungdommane sjølve. Ein jentegjeng som brukar ungdomssenteret har teke Hogne på alvor, og er no i gang med eit veldig spennande prosjekt:

– Vi skal laga ein eigen kampanjefilm som vi håpar skal nå ungdom, både dei som nett har fått lappen, og dei som snart skal ta den. Bodskapen i filmen er at det går an å ha det moro med bilkøyring og samtidig vera ansvarleg, og at det må vera greitt å seia ifrå viss nokon køyrer for fort. I tillegg har vi fleire spennande overraskingar enn filmen, som vi ikkje vil avsløra heilt endå, forklarer Cheyenne Marie Rørvik (18).

Med seg i gruppa har ho Malin Olderkjær (16) frå Sunde, Andrine Vågen (15) frå Åkra, Signe Warberg (15) frå Kaldestad og Kristina Titternes (15) frå Husnes.

Denne jentegjengen lagar sin eigen trafikk-kampanje og film for å få folk til å køyra ansvarleg. Den rosa bilen blir eit viktig element i filmen. Fremst f.v.: Kristina Titternes og Malin Olderkjær. Bak f.v.: Andrine Vågen, Cheyenne Marie Rørvik og Signe Warberg.

Dei fem jentene har allereie jobba fleire hundre timar med prosjektet, med god hjelp av ungdomsleiar Rita Johansen på ungdomssenteret. Ho skryt veldig:

– Eg visste kva desse jentene var gode for, fordi eg har jobba med dei i andre prosjekt. Dei har nesten gjort alt sjølve, og er utruleg flinke og engasjerte. Eg er imponert! seier Johansen.

Rosa bil

Prosjektet fekk 135.000 kroner i støtte frå Sparebank1-stiftinga Kvinnherad. Med desse pengane har dei blant anna kjøpt ein Volkswagen Golf Cabriolet som skal brukast i filmen. Den var Signe, Kristina og Andrine å henta i Oslo, saman med køyrelærar Hogne.

– Faktisk blei vi vitne til ei trafikkulukke ved Seljord på denne turen. To bilar hadde frontkollidert, og to personar omkom. Det var sterkt å sjå alle naudetatane på plassen og vita at nok ei ulukke hadde teke liv. Litt av eit samantreff, for det er jo akkurat slike ulukker vi vil bidra til å unngå i Kvinnherad med kampanjen vår, fortel jentene.

Då Kvinnheringen møtte gjengen dreiv dei og folierte bilen knallrosa saman med Roy Vaulen i Fonna Teknologi.

– Dette har ingen av oss gjort før, så det blir spennande å sjå resultatet. Vi ville ha ein kul bil til filmen, og det er stilig at bilen blir rosa. Det er skikkeleg «girl power»! seier jentene.

– Vi ville ha ein kul bil til filmen vår, fortel jentene om bilen dei kjøpte og henta i Oslo – ein Volkswagen Golf Cabriolét. Her jobbar dei med å foliera den rosa med god hjelp av Roy Vaulen i Fonna Teknologi.

Bilen har sjølvsagt også rosa setetrekk, rosa terningar i vindauget og rosa lys i hjula som lyser i mørkret.

Premiere i august/september

Jentegjengen får hjelp til filminga av Fonna Teknologi, og filmen skal spelast inn på ulike plasser i kommunen. Men dei har sjølve skrive manus og replikkar, og laga «storyboard» for dei ulike scenene i filmen. Den skal totalt skal vara i fire minutt. I tillegg skal dei vera skodespelarar i filmen, og vera med på redigeringa. Ingen av dei har gjort noko liknande før.

– Kva har vore det mest utfordrande til no?

– Å skriva manus var vanskelegare og tok lenger tid enn vi trudde. Det er mange detaljar som må med, samtidig som vi ikkje skal ha for mange element, fortel Cheyenne Marie.

– Det er ikkje alltid vi har vore einige om alt, men vi kjem alltid til ei løysing til slutt. Alle brenn veldig for dette og vi er veldig engasjerte, seier Signe.

Allereie førre veke begynte filminga. Viss alt går etter planen skal filmen ha premiere i kinosalen på Husnes i august/september.

Frå filmopptaka som blei gjort på Husnes Storsenter førre veke. Fonna Teknologi hjelper til med filminga, og her ser du Roy Vaulen bak kamera saman med Karl Petter Vårdal, medan køyrelærar Hogne Kvistad Gjuvsland held mikrofonen. Han var den som fekk prosjektet i gang.

Laurdag blei det gjort opptak til filmen i Fjellhaugen, der fleire av karane i bilmiljøet var med. Her ser du Patrick Antonio Normann, William Sahr og Martin Blokhus saman med jentegjengen. Roy Vaulen tar mobilbilde. (Mobilfoto: Hogne Kvistad Gjuvsland).

– Kva gler de dykk mest til?

– Eg gler meg faktisk til sjølve redigeringa og klyppinga, seier Andrine.

– Eg gler meg til det ferdige resultatet og premierefesten, smiler Malin.

– Det blir spennande å sjå kva reaksjonar vi får på filmen, spesielt frå gutane. Vi håpar å kunna spreia filmen mest mogleg, på sosiale medium, men òg som reklame på Husnes Storsenter sin skjerm og på kinoen. Til neste år håpar vi å kunna delta i UKM med filmen som bidrag, seier Cheyenne Marie.

– Blir det sladding og røyk?

– Klart det, vi må jo ha den rette stemninga i filmen. Rosa røyk, sjølvsagt! blunkar jentene.

Her ser du jentegjengen med ferdig foliert bil i sentergarasjen på Husnes, der dei skulle gjera filmopptak førre veke.

Her ser du jentegjengen med ferdig foliert bil i sentergarasjen på Husnes, der dei skulle gjera filmopptak førre veke.

Artikkeltags