Carina fangar opp dei som fell utanfor: – Berre nokre få blir verande lenge i systema våre

UNGDOMSKONTAKT: Carina Jakobsen er Nav sin ungdomskontakt. Ho hjelper unge på vegen mot fast jobb.

UNGDOMSKONTAKT: Carina Jakobsen er Nav sin ungdomskontakt. Ho hjelper unge på vegen mot fast jobb.

Carina Jakobsen si hovudoppgåve er å fanga opp unge som fell utanfor.

DEL

Carina Jacobsen er Nav sin ungdomskontakt i Kvinnherad. Oppgåva hennar består i å følgja opp unge mellom 16 og 22 år som treng meir eller mindre støtte for å fullføra vidaregåande skule eller finna seg ein jobb.

Frå KVV fekk Kvinnheringen i januar opplyst at berre vel ein tredjedel av elevane som går på yrkesfag blir lærlingar. Ein del av desse går på påbygg for å skaffa seg studiekompetanse, men 10 til 15 prosent avsluttar utdanningsløpet etter eitt eller to år på yrkesfag. For desse er det ikkje alltid like enkelt å skaffa seg jobb, og spørsmålet er om denne gruppa får hjelp til å koma seg vidare i livet. Her kjem ungdomskontakt Carina Jakobsen og Nav inn i bildet.

For tida har Carina ansvaret for oppfølgjing av rundt 29 unge mellom 16 og 22 år.

Ulike nivå

Carina hos Nav hjelper både dei som treng tett oppfølgjing på skulen, til dømes ved å leggja til rette for å bruka lengre tid enn normert på skulegangen, og dei som droppar heilt ut av skule- og lærlingløpet. I arbeidet samarbeider ho med både KVV, Rettleiingstenesta (tidlegare Fagopplæringskontoret), barnevernet og andre.

– Ikkje alle treng like mykje hjelp, og derfor får ikkje alle like tilbod. Opplegget blir tilpassa den enkelte, men målet er det same for alle, nemleg å finna ein meiningsfull jobb, fortel ho.

Kvar av ungdomane blir kartlagt etter samtale og/eller ved hjelp av ulike digitale verktøy. Dei som ikkje veit kva dei vil, kan gjennom kartlegginga få hjelp til å finna ein god veg å gå. Av konkrete tilbod nemner Carina ulike kurs, inkludert jobbsøkjarkurs, arbeidstrening i bedrifter og lønstilskot. Terskelen for å søkja Nav om hjelp er låg.

Motivasjon betyr alt

Vi spør Carina om korleis effekten av tiltaka er.

– Mykje er avhengig av motivasjonen til den enkelte. Er den god, kan det gå lett. Er den i utgangspunktet låg, tar det lengre tid. Dei aller fleste kjem seg vidare. Berre nokre få blir verande lenge i systema våre, og då gjerne grunna sjukdom. Desse kjem vanlegvis over på andre støtteordningar etter kvart, forklarer ho.

– For kvar einaste ungdom som har suksess, gler eg meg storleg. Jobben min er verkeleg givande, avsluttar ungdomskontakten.

PÅ FARTEN: Carina Jakobsen har mange ho samarbeider med. Ein gong i månaden kan ho treffast på KVV.

PÅ FARTEN: Carina Jakobsen har mange ho samarbeider med. Ein gong i månaden kan ho treffast på KVV.


Artikkeltags