Kvinnheringar i stortrivst i oljebyen

Aslak Fisketjøn og Øyvind Malmanger er to av kvinnheringane som studerer ved Universitetet i Stavanger.

Aslak Fisketjøn og Øyvind Malmanger er to av kvinnheringane som studerer ved Universitetet i Stavanger. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Unge kvinnheringar stortrivst ved Universitetet i Stavanger. Både miljøet og studietilboda får gode karakterar av studentane.

DEL

Skule & utdanning:Stavanger er ikkje den mest vanlege byen å velja for unge studentar, men dei som gjer det ser ut til å trivast. Vi har møtt ei handfull kvinnherske studentar i oljebyen for å høyra korleis dei har det.

– Før oljekrisa kom, var studentane ved Universitetet i Stavanger blant dei mest ettertrakta til jobbar i offshorenæringa. Store bedrifter kom og henta studentar, og ein hadde gode sjansar til å få seg ein bra jobb før ein var ferdig utdanna, seier Aslak Fisketjøn Tveit, som for tida tar bachelor som maskiningeniør.

Etter oljekrisa vurderte så mange som 25 prosent av dei spurde ved dette universitetet å bytta studium, ifølgje ei undersøking gjort av Sentio. Dette har ikkje stoppa Tveit og kompisen Øyvind Malmanger, som studerer master i industriell økonomi. Malmanger meiner at utdanninga vil føra til større moglegheiter på jobbmarknaden.

– Ein vert jo litt poteta i ingeniørverda, ein allrounder, nikkar Tveit, og held fram:

– Men det som er utfordringa for alle som går på ingeniørstudium er at om du skal ha deg ein jobb, så bør du vera open for å flytta der det trengst.

Varierte studietilbod

Mange som søkjer seg til Stavanger gjer det på grunn av dei gode studia innanfor industri som universitetet tilbyr. Men Universitetet i Stavanger tilbyr ikkje berre ingeniør- og petroleumsrelaterte studium. Dei har heile 120 studietilbod som strekkjer seg frå sjukepleie til hotelleiing.

– Eg valde Stavanger fordi dei hadde ein eigen bachelor i rekneskap og revisjon, og eg hadde lyst å studera på eit universitet. Det å kunne møta så mange som studerer forskjellige ting, verka ganske gøy, seier Johannes Guddal.

Han har sidan tida på KVV vore fast bestemt på å bli revisor, og syntest derfor at valet var enkelt. Og å flytta frå Kvinnherad til Stavanger har vore ein grei overgang, seier Guddal.

– Stavanger er ein liten by, så den er ganske oversiktleg. Ein finn fort ut av ting, samstundes oppdagar ein stadig nye ting med byen.

Studentane er einige om at Stavanger er ein fin by å bu i.

– Etter å ha studert tre år i Bergen var eg klar for å prøva ein ny by og eit nytt studentmiljø, seier Thomas Hellen frå Halsnøy.

– Stavanger er ein fin by, og studentmiljøet på UiS er bra, men det er litt dumt at campus ikkje ligg i sentrum og kan prega bybildet, legg han til.

Men sjølv om Campus ligg eit par kilometer utanfor bykjernen, er det eit myldrande studentliv, og nærare 50 studentorganisasjonar på Universitetet i Stavanger.

– Eg vart med i «ION Racing», som kvart år designar og lagar ein racerbil. Det er veldig sosialt, og ein har mykje å finna på om ein er med i ein studentorganisasjon, seier Aleksander Thorkildsen frå Valen.

Heim til Kvinnherad

På spørsmål om dei tenkjer flytta heim til Kvinnherad, er studentane delte, men dei verkar einige om éin ting, at Kvinnherad var ein fin plass å veksa opp.

– Om eg får barn ein gong, så ynskjer eg at dei skal få den same gode oppveksten eg fekk, og at dei skal veksa opp i nærleik av familie, seier Kari Bjørnebøle Hass, som for tida pendlar mellom Haugesund og Stavanger for å fullføre ein master i teknisk samfunnstryggleik.

– Eg og sambuaren min, som også er frå Kvinnherad, tenkjer mykje på eventuell heimflytting, men det er med atterhald om at det er jobb til oss, seier Hass.

Sjølv om studentane er godt nøgde med Stavanger som studentby, er det noko vesentleg som manglar. For ingenting slår naturen heime i Kvinnherad.

– Eg saknar fjella! Her finn ein berre haugar. Og så er det ein konstant trekk her nede! seier ein oppgitt Øyvind Malmanger.

Artikkeltags