Nikolai (21) var nesten ferdig med ein bachelorgrad då han fann ut kva han eigentleg ville bli

STUDERER SJUKEPLEIE: Nikolai Rørdal stortrivest som sjukepleiarstudent i Bergen.

STUDERER SJUKEPLEIE: Nikolai Rørdal stortrivest som sjukepleiarstudent i Bergen.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Nikolai Rørdal (21) frå Husnes hadde berre eitt år med valfrie fag igjen før han kunne hatt ein bachelorgrad i historie. Men etter ein sommarjobb på Valen sjukehus endra han studieretning tvert.

DEL

Skule & utdanning:– Det er ikkje lett å velja kva ein skal gjera resten av livet når ein går siste året på vidaregåande. Ein må berre hoppa i det og bygga vegen medan ein går, så finn ein fort ut kva som er interessant og kva som ikkje er interessant.

Nikolai Rørdal har no gått eitt semester på sjukepleiarutdanninga ved VID vitskaplege høgskule i Bergen. Han stortrivst og er ikkje i tvil om at å bli sjukepleiar er det rette for han. Men det tok tid å finna ut av det. Før han starta på sjukepleien i haust, brukte han nemleg to år på ein bachelor i historie på Universitetet i Bergen.

– Historie har alltid vore favorittfaget mitt, og det har også vore ein stor hobby å lesa og læra om på fritida. Så då eg måtte velja kva eg ville etter vidaregåande, enda eg på det, fortel Nikolai.

Ville bli lærar

Planen var å ta ein femårig mastergrad etterfølgt av eitt år med praktisk pedagogisk utdanning for å bli lektor, slik at han kunne vidareformidla lidenskapen sin.

– Men så fann eg ut at det kanskje ikkje var heilt meg. Eg trur ikkje eg har så lyst å undervisa, og eg vart usikker på om eg ville jobba med hobbyen min. Eg var redd eg skulle mista interessa dersom det vart arbeidet mitt.

Den tidlegare historiestudenten likte heller ikkje tanken på å skulla studera i seks år, utan å få prøva seg som lærar før det siste halve året, då han ikkje gjekk ein lektorstudie med pedagogikk og praksis undervegs.

Sommarjobb på Valen

Det var ein sommar som ferievikar på Valen sjukehus som måtte til for at Nikolai skulle finna ut kva han eigentleg ville. Han hadde jobba fleire år som assistent på sjukeheim, men følte aldri at det var heilt hans greie.

– Men då eg begynte på Valen fann eg fort ut at det var det rette. Eg er kanskje arveleg belasta, vi er jo ein familie med berre helsepersonell, ler studenten.

Han ønskjer å fortsetta i psykiatrien når han er ferdigutdanna.

– Eg trivst veldig godt der, spesielt på akuttposten. Det skjer noko nytt kvar dag. Nokre dagar har me ikkje tid til å sitta stille, andre dagar er rolege. På sjukeheimar er det stort sett lågare tempo og meir fysisk tungt arbeid, forklarar Nikolai.

I tillegg til å vera nøgd med å ha funne ut kva han faktisk vil bli, er sjukepleiarstudenten også veldig nøgd med skulen han går på.

– Høgskule passar best for meg, då alt er opp til deg sjølv på universitetet. På historie fekk vi beskjed om å lesa ein bunke med bøker, og det einaste obligatoriske oppmøtet var eksamen eit halvt år etter. På høgskulen er det meir oppfølging, vi har mykje praksis, og vi veit faktisk kven lærarane våre er. Eg føretrekk det slik, men eg veit at for eksempel søstera mi er veldig glad for den fridomen ein har på universitetet.

– Synest du det er synd at du brukte to år på å finna ut kva du eigentleg ville?

– Hadde eg starta rett på sjukepleien etter vidaregåande, hadde eg berre hatt eit halvt år igjen no, i staden har eg to og eit halvt. Men samtidig er eg veldig glad for at eg var innom universitetet. Eg har fått nokre fantastiske venner, og det var veldig spenande å ta eit skikkeleg djupdykk i historie. Dessutan har eg jo 120 studiepoeng derifrå, så ingenting er bortkasta.

Stor overgang

Det var ikkje berre skulen og studentlivet som var nytt då Nikolai starta å studera for 2,5 år sidan. Overgangen frå å bu heime til å skulla klara seg sjølv, var nok den største.

– Plutseleg stod eg der og måtte gjera alle vala mine sjølv. Alt frå å få det økonomiske til å gå rundt, til å stå med vaskemaskina og tenka at «denne ser ikkje litt ut som den me har heime».

Husnesingen meiner desse erfaringane, og det å læra å bli sjølvstendig, er noko av det viktigaste med studietida.

– Det er skummelt der og då, men eg trur alle har behov for å flytta vekk litt og oppleva det å måtta stola på seg sjølv. Dessutan set ein plutseleg veldig stor pris på å koma heim igjen, der kjøleskapet alltid er fullt og ein får varm mat servert, smiler han.

– Er det noko du skulle ønska nokon hadde fortalt deg før du flytta?

– Korleis ein tørketrommel fungerer? ler Nikolai.

– Nei, då. Eg følte eigentleg eg visste kva eg gjekk til, då eg hadde vore mykje på besøk hos ein kompis som hadde budd åleine ei stund. Likevel vart det eit sjokk. Men det er det som er litt av poenget med å flytta ut – ein må prøva og feila, og så finn ein ut av det etter kvart.

Artikkeltags