Gå til sidens hovedinnhold

Ungdommar redda hund etter at eigaren skadde seg i fjellet

Artikkelen er over 2 år gammel

Les også:
Overvelda etter redningsaksjon: – Har aldri møtt så mange snille og hjelpsame folk i løpet av eit døgn!

Fredag kveld blei to kvinner henta ned med helikopter frå Melderskin. Den yngste kvinna, som var på tur med mor si, fekk smerter i kneet som gjorde at ho ikkje klarte å ta seg ned på eiga hand. Begge fekk sitja på med helikopter ned frå fjellet.

Då uhellet skjedde stakk den eine hunden deira av og forsvann i fjellet. Den blei funnen igjen av nokre lokale ungdommar som var på tur seinare på natta, som klarte å få med seg den dehydrerte hunden ned.

Seinare blei den lukkeleg gjenforent med eigaren, og Håkon Tørvik ved Kvinnherad lensmannskontor rosar ungdommane for den flotte innsatsen.

Kommentarer til denne saken