Aukande rusproblematikk på US

Kvinnherad Ungdomssenter sine lokale på Husnes.

Kvinnherad Ungdomssenter sine lokale på Husnes.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Nyleg var det styremøte på Kvinnherad Ungdomssenter (US). Då blei det teke opp at ungdomssenteret har ein aukande rusproblematikk, og at unge rusar seg både utanfor og inne i lokala, særleg på fredagane. Det nye no er at det vert nytta alkohol inne, og dette er sjølvsagt heilt uakseptabelt, står det i møtereferatet. Styret er samd med ungdomsleiarane om å halda på den strenge praksisen med å utvisa rusa ungdommar og varsla foreldre, så lenge alle i ungdomssenteret samarbeider om å halda det rusfritt i lokala. Viss ungdomsleiarane oppdagar at dei andre ungdommane vernar om dei få som nyttar alkohol på US, og prøver å halda det skjult for ungdomsleiarane at det er rusa personar i lokala, vert US stengt som vanleg for kvelden, med augeblikkeleg verknad.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags