Innfører totalforbod av el-sparkesyklar etter skadar i golvbelegg

DEL

– Vi opplever for tida ein del skadar frå el-sparkesyklar på golvbelegga på ungdomssenteret. Det har òg vore så mykje spinning og herjing utanfor kinoen at det har lukta svidd heilt ned på ungdomssenteret. Så langt vi veit har storsenteret opplevd den same herjinga, skriv ungdomsleiarane på Kvinnherad Ungdomssenter si Facebook-side.

Frå og med fredag kveld innførte dei derfor totalforbud for el-sparkesyklar i ungdomssenteret. Dei skriv at dei stadig opplever at ungdommane bryt avtalen med at dei skal leia syklane inn når dei skal lada dei, og i staden køyrer med syklane inne når de trur dei vaksne ikkje ser dei.

– Med så omfattande skadar, må vi dessverre be foreldre om å oppmoda poden om å la doninga stå heime. For ordens skuld gjeld dette yngre el-sparkesykkelbrukarar enn dei som nyttar ungdomssenteret også, men dei er jo ikkje ei utfordring for oss. Til slutt bør ein ikkje opphalda desse doningane innandørs i det heile tatt, sjå skrekkvideoen på Facebook-sida "Hashtag Lituhuania", skriv ungdomsleiarane Geir Remme og Rita Johansen til slutt.

Artikkeltags