Vil laga til utstyrssentral i ungdomssenteret

På Stord har dei BUA, ein utstyrssentral drifta av Stord Frivilligsentral. Tysdag var representantar frå Kvinnherad ungdomssenter, Gledespreiarane og Kvinnherad Frivilligsentral på studietur dit for å læra meir.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

I skredet av nye påfunn i Kvinnherad Ungdomssenter for tida, ligg det an til Utstyrssentral i gamle «diskoteket», viss alt går etter planen.

Utstyrssentral er rett og slett ein plass der alle som vil kan låna utstyr gratis. Tanken er at alle kan testa ut behovet før ein evt. går til innkjøp av eige dyrt utstyr, og med det spara både miljøet og lommeboka for unødvendige belastningar. Einaste kravet er at utstyret blir levert uskadd og reint tilbake. Like viktig er det at aldersgrenser og tryggleiksutstyr vert nytta samen med utstyret.

Saman med Kvinnherad Frivilligsentral og gruppa som kallar seg Gledespreiarane, var ungdomssenteret på studietur til «BUA» på Stord tysdag ettermiddag, der Nina Langeland gav oss omvising og fortalde om dei praktiske løysingane rundt drifta av ein slik utstyrssentral.

Meininga er at frivilligssentralen, ungdommane i US og andre, på dugnad skal drifta dette eineståande tilbodet i Kvinnherad i framtida. Meir info vert det seinare, når tilbodet materialiserer seg til noko handfast.

Her ser du Nina Langeland (t.v.) frå Stord Frivilligsentral visa innhaldet i utstyrssentralen BUA til Malin Olderkjær og Oskar Kaldestad frå Kvinnherad ungdomssenter. (Foto: Geir Remme).

Her ser du Nina Langeland (t.v.) frå Stord Frivilligsentral visa innhaldet i utstyrssentralen BUA til Malin Olderkjær og Oskar Kaldestad frå Kvinnherad ungdomssenter. (Foto: Geir Remme).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags