Ungdommane kom med innspel

Onsdag fekk ungdommar i Kvinnherad komma med sine innspel til den nye kommunedelplanen på ein dialogkafé på ungdomssenteret på Husnes. Her ser du Monika Høyer Haugland informera før ungdom-mane jobba saman i grupper. (Foto: Geir Remme).

Onsdag fekk ungdommar i Kvinnherad komma med sine innspel til den nye kommunedelplanen på ein dialogkafé på ungdomssenteret på Husnes. Her ser du Monika Høyer Haugland informera før ungdom-mane jobba saman i grupper. (Foto: Geir Remme).

Onsdag deltok 22 ungdommar på ungdomskafé på Husnes, der dei fekk komma med sine innspel og tankar for framtida.

DEL

Kvinnherad kommune jobbar no som kjent med ein ny kommunedelplan for helse, omsorg og sosial. For å få innbyggarane til å medverka har prosjektgruppa derfor invitert ulike målgrupper til såkalla «dialogkafear». I januar blei ein slik kafé arrangert for eldre, neste veke skal personar som har/har hatt utfordringar knytt til rus og psykisk helse møtast til dialogkafé, og denne veka var det ungdommane sin tur.

Dialogkafeen blei arrangert i Kvinnherad ungdomssenter sine lokale på Husnes, der 22 ungdommar deltok. Spørsmålet dei skulle ta for seg var «Korleis skapa eit godt lokalsamfunn som sikrar ein trygg og god oppvekst?». Ungdommane jobba i grupper, og skreiv ønske, tankar og idear ned på papirdukar.

– Ungdommane jobba godt, diskuterte seg i mellom, og skreiv ned det dei kom på på desse dukane. No skal vi gå gjennom og sortera innspela før vi legg dei fram for prosjektgruppa som jobbar med kommunedelplanen, fortel Monika Høyer Haugland som er leiar for eininga Barn og familie.

Ho syntest møtet med ungdommane i ei slik setting var ei positiv oppleving.

– Vi var jo veldig usikre på om dette kom til å engasjera og kor mange som ville møta, og eg syntest det er veldig kjekt at det kom såpass mange unge. Dei jobba godt og kom med gode innspel, fortel Haugland.

Ho fortel at i tillegg til dialogkafeane, så ligg det no ute ei lita spørjeundersøking på Kvinnherad kommune si Facebook-side, med svarfrist 14. februar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags