– Eg er «drita lei» av at vaksne lagar kampanjar som skal virka på unge

Hogne Kvistad Gjuvsland i Husnes Trafikkskule ønskjer å få ungdommane med på å laga kampanjar som skal treffa andre unge. Her frå møtet på Husnes ungdomssenter som han tok initiativ til for nokre veker sidan.

Hogne Kvistad Gjuvsland i Husnes Trafikkskule ønskjer å få ungdommane med på å laga kampanjar som skal treffa andre unge. Her frå møtet på Husnes ungdomssenter som han tok initiativ til for nokre veker sidan.

Artikkelen er over 1 år gammel

Det seier køyrelærar Hogne Kvistad Gjuvsland, som no inviterer ungdommane til å sjølve vera med på å laga ein trafikk-kampanje.

DEL

Den farlege trafikken– Noko av problemet med trafikk-kampanjane som eksisterer, er at ungdommar ikkje føler dei treff dei. Derfor må ungdommar på banen, og vera med i utforminga av desse kampanjane. Det er berre dei som veit kva som fungerer, seier Gjuvsland i Husnes Trafikkskule.

For to veker sidan møtte han derfor ungdommar på Husnes ungdomssenter for å starta eit samarbeid. Han viste dei som hadde møtt opp tre kampanjefilmar, og bad ungdommane fortelja kva for ein dei meinte gjorde sterkast inntrykk. To av dei var norske, den tredje var frå Australia. Den utanlandske filmen var den mest brutale, og viser mange stygge ulukker og skadde menneske. Det var heilt klart den ungdommane på ungdomssenteret meinte var best, fordi den viste konsekvensar av ulukkene.

– Ideen til den australske filmen var det ungdommar mellom 14 og 19 år som hadde. Men den er over 20 år gammal. Eg synest vi skulle laga ein lokal kampanje, i dei media de meiner er best, anten det er film, bilde, skilt eller fleire ting, sa Gjuvsland.

Ein av ungdommane som var til stades hadde tenkt på at Kvinnherad kunne ha eigne, lokale skilt plassert rundt om kring i kommunen.

– Det er ein god idé. Du må tenkja på kva bodskapet på skilta skal vera, sa køyrelærar Gjuvsland.

Jenter har makt Han prøvde også å nå inn til jentene som var til stades, og mana dei til å bruka makta dei har på gutar.

– De jenter har enorm påvirkningskraft, men dessverre bruker de ikkje makta de har. Mange synest nok det er vanskeleg, dei føler seg kjipe, men det verste gruppepresset er det som får dykk til å teia stille sjølv om de eigentleg vil seia ifrå, sa han.

Gjuvsland vil no søkja om midlar til å få laga ein lokal kampanje, og skal snart ha nytt planleggingsmøte med ungdommane. Er du ung og har gode idear kan du også vera med og bidra. Då er det berre til å ta kontakt anten med Hogne Kvistad Gjuvsland eller Husnes ungdomssenter.

Artikkeltags