Spennande skuletur til Botnabreen

DEL

Fredag 19. oktober reiste ein friluftslivgjeng frå Husnes ungdomsskule på overnattingstur til området kring Botnabreen. Turen var i samband med valfaget Friluftsliv på 9.- og 10. trinn.

Etter bussturen til Jukla kraftstasjon, gjekk turen vidare til det som skulle bli leirplassen. Ein positiv gjeng fekk opp telta fort og effektivt, og la i veg mot Botnabreen. På vegen gjekk vi gjennom eit magisk landskap, som for dei aller fleste ligg i eit ukjend område. Å gå på breen med stegjern, hjelm, isøks og i taulag var ei stor oppleving.

Det var mange lukkelege elevar etter opplevinga. Om kvelden lukta det taco i teltleiren, då elevane stod for matlaginga (og det trass alt var taco-fredag). Trass i regn om kvelden, var stemninga rundt bålet god. Lærarane vakna av elevar som fniste og lo klokka seks om morgonen, og det gode humøret hadde elevane med seg resten av dagen.

Lærarane som var med var Berit Kristine Rolland, Erlend Abelsen og Rune Aksnes.

Her er eit bildedryss frå turen:

Her ser du den tøffe friluftsgjengen med elevar frå Husnes ung-domsskule som var med på turen. (Foto: Privat).

Her ser du den tøffe friluftsgjengen med elevar frå Husnes ung-domsskule som var med på turen. (Foto: Privat).

Nede til høgre ser ser du leirplassen til lærarar og elevar i flott landskap. (Foto: Privat).

Nede til høgre ser ser du leirplassen til lærarar og elevar i flott landskap. (Foto: Privat).

Gjengen som var på tur over Botnabreen 19. oktober fekk ei stor oppleving. (Foto: Privat).

Gjengen som var på tur over Botnabreen 19. oktober fekk ei stor oppleving. (Foto: Privat).

Artikkeltags